Overbygg på båten medan den ligg i sjøen.

Vinteren nermar seg og snø og is vil fare stygt med kalesje og overbygg på båten. Det likevel ann å gjere ein del praktiske ting for å forhindre dette. Ved hjelp av litt material og litt presening går det fint å lage eit overbygg på båten når den ligg i sjøen. Under er eit tips frå meg korleis eg har løyst dette. Taket over båten står fint på plass eg det toler ganske mykje snø. Det er gjort på under ein time å montere dette. Det er viktig at ein tenker seg om og prefabrikerer det meste, slik at det er lett å montere og demontere. Bruk lim og skruar, ikkje spiker. Dette overbygget monterer eg no på båten for tredje gong og det fungerer like fint som det var nytt.

Ved å bruke strammereimar i kryss bakom kalesja vil taket stå stabilt av seg sjølv. Støttene mellom taket og dekket er festa med boltar i krysset nede og taket oppe. Eit sånt tak over kalesja medfører at den er tørr og heilt isfri på innsida. Samtidig unngår ein mugg på kalesja. Her er ei skisse over kor eg løyser det med resten av båten. Dette fungerer fint og toler som sagt både vind og snø. Når våren kjem kan det enkelt å demontere og stable bort til neste vinter. Ikkje bruk hengande kanner for å stramme presseningen, bruk tau under kjølen. Hengande kanner kan lage striper og slitasje i skroget.
Overbygget er kome på plass og vi skriv 11. november 2008. 
Det står no att å sjå kor lenge dette vil halde. ( 10. des. etter mykje storm er den forsatt heil og fin.) Med godt ettersyn vil det nokhalde over vinteren. Dette sparer båten for mykje slitasje.
Det viktigaste med slike overbygg er å unngå å bruke spikar. Alt skal vere gjennomtenkt, skrudd og tilpassa.