VÅREN ER KOMEN - TID FOR Å GJERE BÅTEN SJØKLAR.

Enten båten har ligge på land, eller i sjøen gjennom vinteren trengst det ein god omgang med vedlikehald før sesongen startar. Skroget skal vaskast og polerast, under vasslinja skal det gjerast reint og inspiserast for plastpest (gjeld særleg eldre båtar) og maskina skal gjerast klar til ein ny sesong. Her er nokre enkle tips:

1. Maskina.
Maskina er båten sitt hjarte. Vedlikehaldet her fortel alt om eigaren. Dersom du tenker på å skifte båt er maskina det fyrste som bør inspiserast. Dersom båten har ligge på land skal den ha vinterolje i botnpanna, dvs.at den er tømt for olje og denne er erstatta med eit par liter med rein olje som har sirkulert gjennom maskina. Oljen skal tømast ut og erstattast med ny olje. NB! Hugs å fylle på rett olje som er beskrive i instruksjonsboka. Det er også viktig at du skifter nytt oljefilter. Dette bør gjerast etter ca. 100 driftstimar samtidig med at du fyller olje. Hyppige oljeskift er ei veldig god forsikring for at motoren varer lenge.
Dersom impellaren er gamal bør den skiftast. Sjekk dieseltankane at dei er reine, skift nytt dieselfilter og rens vassavskiljaren.
Hugs også å sjekke oljen på gearet. Dersom den er gamal, bør den skiftast. Det er ein god regel at ein skifter olje på motoren og gearet samtidig.  Hugs rett olje og nivå! Når det gjeld kjøleveska så bør den skiftast minst 2. kvart år slik at du er sikker på at den inneheld dei kvalitetane som står i beskrivelsen.

2. Skroget
Dersom båten er av glasfiber, trengst det ein skikkeleg omgang med vask og polering av skroget. Gjennom vinteren er det mykje forurensing som festar seg til plasten. Difor må den rensast med ein god vask. Her er mange forskjellige vaskemerke å velge mellom. Dei gjer stort sett same jobben. Ver forsiktig med å rubbe skroget då dette utset topcoaten for unødig slitasje.  Legg på ein god voks og poler blankt. Skader må reparerast då glasfiber trekker vatn. Det er veldig viktig at topcoaten på glasfiberbygde båtar vert pleia og stelt minst 2 gongar i året. 

3. Under vasslinja
Har båten stått på land, er det ei forutsetning at botnen er høgtykkspylt før den blir vinterkonservert. Blir den sett på land utan å bli reingjort, blir vårpussen desto vanskelegare. Det er her ein kan avdekke om det er pest i plasten. Har båten ligge i sjøen bør den takast på land minst kvart anna år. Dei fleste botnsmørningar held 2 år. Sjekk om det er plastpest. Pesten lagar blærer i plasten. Desse må skrapast bort og så må skroget tørke før du steller skaden med ny gelcoat og har på eit lag eller to med pestdrepar. 1-2 lag med botnsmurning skal halde. Hugs å skifte annoder på ror, propell, og propellhylse. Hugs at motoren skal vere godt jorda mot ei av zinkannodene. Viktig for å unngå galvaniske strøymingar i båten. 

4. Landstraum
Mange båteigarar fjuskar her. Den enklaste varianten er ei leidning frå straumuttaket på land og til båten der den er kobla på diverse ting som varmeovn, Tv, kaffekokar, vasskokar etc. Ikkje alle bryr seg så mykje om korleis leidninga er heller. Den skal vere av gummi, tåle 16 amp. og ha ei lengde på max 25 m. Raude plastleidningar lek straum/vatn og skal ikkje brukast. Har sjølv opplevd å ligge ved ei gjestebrygge med masse krypastaum på grunn av dårlege leidningar.
Det er umåteleg viktig at landstraumen er skikkeleg for å unngå galvanisk tæring på motor og båt. Det er tilbode mange løysingar, men den beste eg kan anbefale er Ladix sitt "plug and plug" - utstyr. Prisen er i aller høgste skora men kvaliteten er deretter. Dette er det einaste landstraumutstyret du har lov til å montere sjølv, dersom du då ikkje er sertifisert som maritim elektrikar. Kan anbefalast på det sterkaste. I denne pakken har du alt for sikker tilkobling til båten din og skulle uhellet kome så vil forsikringa dekke skaden. 

LYKKE TIL MED EIN FLOTT BÅTSESONG OG MASSE GLEDE.

Albert