SOMMARTUR TIL  YTRE SUNNMØRE OG  RUNDE 26.07.08

Den 26. juli, ein aldeles nydeleg dag, sette vi kurs med Sagaen mot Ytre Sunnmøre og Runde. Med på turen var: Skipper Albert, Elin, Else, Jon og Andreas. Dei tre siste er frå Gjøvik, men med stor kjærleik til Steinnes og dei sunnmørske fjell og fiskeplassar. Fyrste etappe gjekk til Kriksholmen(N 62.14.49  E 5.47.17) som ligg aust om Tjørvåg. Der låg eldste son vår, Anders m/fam. i seglbåten. Neste etappe gjekk til Rundehamna der vi kokte middag og siste etappe gjekk rundt Runde og heimatt. Ein fantastisk dag med badetemperatur i sjøen. Dei aller fleste bilda er tekne av Else Olavsveen med hennar nye Canon 400 D 

Vi kjem til Kjellsund. Denne staden var ein gammal handelsstad der folk frå ytre og indre sunnmøre handla varer, eller bytta varer. Staden er i dag eigd av Norsk Misjonsselskap. Det er lågt under Kjellsundbrua. Sagaen går under på vanleg høgvatn, men ikkje på springflo. Ved Kriksholmen møter vi Anders og eit vennepar. Her er det fint å ligge oppankra. Øya har eit fleire hundredeårig historie, blant anna som handelsstad. Murane etter husa kan sjåast ennå.
Vi passerer herøybrua på veg sydover mot Eggesbøneset. Vi har valgt å gå straumane eller Flusundet som det står på kartet. På veg inn mot Eggesbøneset (N 62.20.23  E 5. 40. 39) Leia gjennom Flusundet er smal og kronglete og byr på ein del utfordringer. ( N 62.20.38  E 5.41.07)
Vel framme i Rundehamna kokte vi middag og gjekk på land.Runde ein slik dag er vel det flottaste ein kan tenke seg. Slik eg har forstått det så var det oppe på denne vika mellom Tenneneset og Kvalneset at Akrendam forliste i 1725. Under fuglefjellet er det ei yrande liv, men det slår meg at noko av fugleskrika har tagna og det er heller ikkje så mykje lunde og alke i sjøen. Kva skjer??
Ein gruppe skarv i fjellet Fugler på reir og i lufta. Her er både havhest og havsule På veg innover til Fosnavågen har vi Rundebrua på babord side
På vegen innover mot Flåvær ser vi Sandsøya, Dolsteinen og Stad i det fjerne I indre Herøy gjekk vi forbi ein holme med ein stor flokk med Tjeld. Der var fleire hundrede. Ei sjeldent syn Vi avslutta dagen med ein visitt til den nye flotte badestranda i Eiksund. Denne er eit resultat av den nye Eiksundtunellen
Til toppen av sida