Pinsetur 2004

Laurdag den 29, pakka vi båten og drog på ein alle tiders tur til Ulsteinvik og øyane.  Været kar berre kjempeflott, med sol frå skyfri himmel.  Det einaste minuset var at det blåste vind frå nord og då blir det ikkje dei høge temperaturane.  Ved 19-tida la vi til i den flotte marinaen i Ulsteinvik der Terje Hamre og kona Randi låg og tok mot oss. Ein flott laurdagskveld og ein heilt nydeleg 1. pinsedag med tur til Fosnavåg og ikkje minst ein like nydeleg 2. pinsedag har gjort denne helga til eit godt minne vi skal ta vare på lenge.  Under følgjer ein del dokumentasjon frå turen. 
Terje og Randi sin Marex 27 1984 mod. låg i ulsteinhamna og tom mot oss når vi kom på pinseafta.

MB. Elin vel førtøygt

Randi og terje slappar av med litt dagsrevy

Gjestehamna i Ulsteinvik er ei sann perle. Den ligg berre nokre min. gange til sentrum.

Eit av dei mange skipsverfta som er i Ulsteinvik

Når vi er på sjøen så er det eg som er skipper, maskinist og kokk.  Elin har total ferie, noko som er henne vel unnt.

Terje og Elin slappar av på flytebrygga

Borgarøya. Her er det gratis gjestebrygge

Fugleøya Runde

Voldsundvaulen  med Stadtlandet i det fjerne

Terje med full speed og Moltustranda i bakgrunnen.

Yacta Charming Ruth på veg inn med turistar

Elin tek ein prat med naboen. Bildet talar for seg Fest på kaia
Terje  hadde med gitaren og underheldt med gamle svisker. 2. pinsedag morgen med nyyyydeleg ver På heimveg.

Albert

Elin