BÅTFERIEN 2010

Ferien 2010 starta som vanleg i båthamna på Steinnes. I år hadde vi som mål å gå nedover kysten til Bergen. Været var sjølvsagt avgjerande for kor bra dette skulle bli. Vi starta i alle tilfelle med bra ver søndag den 20. juni. Eg, Robert og Kaspar skulle gå over Stadhavet medan Elin reiste med bil til Måløy. Meldingane for Stad var bris med bølgehøgde opptil 4 meter etter storm på fredagen. Vi gikk den vanlege leia innanfor Bukketjuvane og forbi Buholmen var det mykje skvalpesjø. Utpå ettermiddagen kom vi til Måløy der Elin venta på oss. Resten av turen, som vart lenger enn vi hadde berekna, kan du sjå på bilda og kommentarane som er knytte til. God tur!! Vi har ein fantastisk kyst som berre kan opplevast i båt og særleg i ein Saga. Bilda er tekne med mitt Nikon D90 kamera.

 

Sagaen ligg klar i hamna for ein spanande tur på minst tre veker

 

Ein siste versjekk før Stadhavet

 

Vi rundar Åramsundet lykt i smul sjø.

 

Buholmen med Kjerringa i ve. bildekant og Hornelen som kneiser i det fjerne. I dag er Stadhavet i godlune.

Etter å ha sett på land Robert og Kaspar i Måløy, drog vi til vakre handelsstaden Rugsund.  Her osar det av kulturhistorie. 

21.06.07. Nydeleg natur NV gjennom Rugsundet. I bakgrunnen kneiser 860 m høge  Hornelen.

 Vest om Florø passerte vi Stabbeskjæret fyr. Eit vidkjent landemerke, ynda av fotografar og kunstnarar.

Askvoll gjestehamn. Her er det god plass og lett tilgong på diesel og daglegvare.

22.06.10 På veg sydover passerer vi Lutelandet med det karakteristiske fjellet Lammetu på bb side. Ved foten av lammetu ligg det eit kystfort, bygd i 1941. Det er også her leia går syd gjennom det trange Korssundet.

Vel forbi lutlandet kryssar vi Aafjorden og går nedgjennom Krakehellesundet.  På sb-side er Solund (Sula) og bb ligg øya Losna.

 

Etter å ha passert Krakhellesundet gjekk vi vestover Sognefjorden og ned gjennom Rossosen til Skjerjehamn. Her står vår kjære avlidne Kong Olav V på sin sokkel og helsar oss velkomne.

Eg synest det verkeleg er noko majestetisk over denne statua. Den har fått ein fantastisk plass der den skodar utover småøyane mot havet i vest.

 

Gjestehamna i Skjerjehamn ligg lunt til, men er ein del utsett frå bårer av båter som passerer forbi. 

 

 

Dagen etter den 23.06.10 går vi ned gjennom Mjømna-sundet, over Fensfjorden, ned Radsundet, Alver-straumen, byfjorden  og kl. 14.20  kjem vi innpå Vågen i Bergen på sjølvaste jonsokkvelden. Veret er nydeleg og varmt.

Etter å ha gått Vågen rundt fant vi til slutt ein liten plass bak den største seglbåten eg har sett. Båten vår kunne med fordel vore livbåt her.

 

Det var eit yrande liv alle stader og vanskeleg å finne ein båtplass. Til slutt enda vi syd om Flesland i Hjellestad seglforeining sin flotte marina. Her var det kun ein plass att og den fekk vi.

 

24.06.10 Denne dagen tok vi buss inntil Bergen. Det nydelege veret frå dagen før var borte og det regna kraftig. Då passar det å besøkje butikkar.

På Laksevåg har vi venner som vi besøkte.

 

Vi skriv 25. juli og vi starta tidleg og gjekk ned til Bekkjarvik. På Lunnøya har vi venner som vi besøkte.

Fiskarkona i Bekkjarvik

 

 

Våre venner Astrid og Njål Skrunes har bygt seg ei flott hytte med eigen rorbu ved sjøen. Her overnatta vi ved den fine brygga deira.

Den 26.06.10 gjekk vi sydover gjennom Langenuen og målet for denne dagen var Husnes. På bildet ser vi SØRAL - SørNorge Aluminium. Her har eg arbeidd i mine unge dagar.

Båthamna på Husnes er rekna for å vere ei av kystens finaste gjestehamner med over 600 meter med gjestebrygger. her er det verkeleg vakkert.

Stemningsbilde frå fjøra rett overfor båthamna på Husnes.

 

 

Søndag den 27. juni hadde vi ein flott sykkeltur til Sunde og Valen. Her ligg Valen Psykiatriske sjukehus som eg har arbeidd ved i 2 år. Elin arbeidde ved økonomiavd. i eit år.

Bjørkestølen, her vi budde medan vi arbeidde ved sjukehuset

 

 

Statue som står i rundkøyringa til SØRAL

 

 

Mandag den 28. juni våkna vi opp til dette veret. Det hagla ned i nesten 5 min og temperaturen fallt til 7 grader. Her var det berre å gjere sjøklart og reise vidare.

 
Vi gjekk over Hardangerfjorden og opp Lukksundet mot Os. Os i Hordaland er ein flott stad. Gjestebrygga er ved kai så vi overnatta ikkje her, men hadde oss ein tur på land for å sjå oss om og handle. Rett nordaust for Lysøen ligge ein liten fin stad som heiter Buena. Det er ei lita gjestebrygge med restaurant og butikk på kaia. Her slo vi oss til ro ei natt.