Til bake til hovudsida                 FERIETUR LANGS KYSTEN 2008

I år som dei siste 4 åra har ferieturen vore med båt på kysten. Vi starta i år søndag den 22. juni, frå Ulsteinvik. Det er i grunnen greit å ha denne staden som utgangspunkt. Vi hadde tidleg bestemt oss for at det skulle bli sydover, men veret var ikkje så fint som vi hadde ønskja. Vår eldste son Anders m/fam. skulle same vegen så vi møttest der. Mandag 23. Juni var det  fint ver, men det bles ein del og vi tok difor laust på tysdagen den 24. juni til Sandsøya der vi venta på eskorte over Stadhavet. Veret blei betre og onsdags morgon, 25. juni tok vi laust med kurs for Selje. Etter kvart betra veret seg, og vi fekk 14 flotte dagar med temperaturer oppmot 30 grader. Under ser du nokre glimt av ein heilt fantastisk tur. Slike turar langs vår vidunderlige kyst kan anbefalast på det varmaste.

Start i Ulsteinvik søndag den 22. juni 2008. Fint ver mykje av dagen, men sterke regnbyer innimellom. Ulsteinvik er i grunnen eit fint startpunkt for ein ferie frå våre kanter. Du kan gå nordover eller sydover. Sandsøya. Her ligg vi saman med Anders og eit ektepar frå England, ombord i twin-maranen "Pegasus", og eit ektepar frå Sæbø. "Kong Arthur" er i aktivitet. Sverd og skjold frå spelplassen. Her er det Anders som er i sving.
Onsdag den 25. juni gjekk vi over Stadhavet. Båtane du ser tilhøyrer, den nermaste, Tor Erik Krøvel og den fremste, Kjell Sævik, båe frå Ørsta. Veret var fint, bølgehøgde 1-3 m, og vind styrke 10. Sydvestlegaste pynten på Stad heiter Furneset. Eit stykke utfor der ligg "Gamla" lyd og lysbøye. Innmot land er der nokre stygge fall. Eit stykke innfor Furneset ligg garden Ytre Fure. Det er heilt utrueleg at folk kan ha busett seg her. Det går ei vanskeleg rås innover til Infre Fure.
I bukta syd for Stad ligg den vakre staden Selje. Her er det ei lun gjestehamn, midt i sentrum. Alt det ein sjøfarande treng finn du her. Sjølvsagt er dette også heimbygda til Sagabåtane Landingsplassen på øya Selja er flott i fint ver. Her kjem skyssbåten inn med gjester. Dei gamle klosterruinene er eit flott skue. Det er utrueleg at vi her vandrer midt i kirkeskipet som vart byggd for snart tusen år sidan.
Eit utandlansk båtmannskap held eit lite selskap for passasjerane på det privateigde skipet som hadde ankra opp utanfor Selja. Oppe i fjellet ligg hellaren, der i.flg. sagnet St. Sunniva fant ly etter at ho hadde stranda på Selja. Sagnet seier også at dette vart den fyrste kyrkja på Selja. Ved innseilinga til øya Silda sat denne flotte havfrua på ein sokkel. På avstand såg det ut som ei levande jente som bada.
 

Ytterst i Nordfjord, rett sydaust for fjellet Hornelen (gamalt innseglingsmerke med sagn knytta til seg heilt frå Vikingtida) ligg Rugsundet. Her har eigarane teke vare på dei gamle sjøbudene og landhandelen var open nesten heile døgnet. Kan så absolutt gjevast den beste attesten! For å få skikkeleg effekt  på VHF-en vart antenna på seglbåten til Anders flytta til toppen av masta. Anders hadde med klatreutstyr til jobben. Det ser luftig ut, men var absolutt sikkert. Hornelen ligg i ytre Nordfjord og er eit kjent landemerke ved innseglinga frå Frøysjøen. Er synleg mellom anna frå Kvamsøya på søre Sunnmøre. Ei segn er knytta til dette fjellet. Sjå også Svein Lunde sin flotte bildeserie  frå dette fjellet.
Gjestehamna i Florø er ein av dei bedre langs kysten. Litt kronglete med betaling ,dusj og toalett. Etter kvart finn du ut av det. Ligg i sentrum og det er nært til dei fleste butikkar. På veg sydover mot Svanøya. Veret er fint med flott solnedgang. Gjestehamna på Svanøya ligg vakkert til. Her møtte vi stor gjestfriheit. Dersom du skal sykle over øya, (ca 4 km) løner det seg å prute på prisane på sykkel. Det vart etter kvart trangt om plassen, men kva gjer vel det??

Norsk Hjortesenter ligg i Svanøybukta på syd-vestsida av øya. Det var ca. 4 km. å sykle frå gjestehamna. Senteret er verd eit besøk med sine 100 hjortar og 100 rådyr + masse andre dyr. Pass opp for flått dersom du skal klappe hjortedyra.

Svanøy Hovedgård er et gammelt fute- og adelssete. Tidlig på 1700-tallet administrerte den adelige setegården over 340 enkeltbruk! Hans Nielsen Hauge kjøpte gården i 1804.

Segna vil ha det til at kong Olav den heilage hadde hastverk ein gong han siglde nordetter kysten. Han skulle nå att broren sin som hadde sigla i førevegen. I staden for å fylgje den vanlege leia, styrde kongen skipa beint mot land. Då opna landet seg, og kongeskipet kunne sigle gjennom det nyskapte sundet. Til minne om denne "kongeferda" vart så krossen reist ved sundet.

Utsikt over Korssundet. Innseglinga frå nord er veldig trang og grunn og bør difor gåast på flod sjø dersom båten er over 40 fot. Anders sin Alo 33 tok så vidt nedi botnen på fjøre sjø. Uansett så er denne hamna verd eit besøk. Vent heller på flo sjø.

Svelgen reklamerte med gratis hamneplass, vatn, straum og internettilgang ut 2008. Desverre var ikkje noko av delene på plass då vi kom dit. Men etter å ha konfrontert eigarane av hamneplassen med dette så sette dei i gong og fekk, om enn noko provisorisk, alt på plass i løpet av eit par timar. Fantastisk!!  Båthamna ligg ubeskytta til men det har eigarane store planer om å gjere noko med dette. Staden kan så absolutt anbefalast!! Stor takk til Svelgen hotel som er eigar av gjestehamna!!

Så var båtferien slutt for i år. 14 herlige dagar med mange gode opplevingar ligg bak. Det er alltid vemodig å avslutte, men håpet er å få oppleve nye eventyr neste år. Stadhavet viste seg frå ei god side på heimturen.

Til toppen av sida