FERIETUR 2009

Torsdag den 25. juni tok vi laust med båten, med kurs for Fjøtofta. Været var fint og vi kom fram om kvelden. 2 båtar låg ved gjestebrygga når vi kom fram. Frå dette utgangspunktet ferierte vi i 18 flotte dagar på sjøen. Vi var ikkje lenger nord enn til Kristiansund, men vi hadde likevel flotte dagar i forskjellige hamner på kysten. Ein uforgløymeleg tur. Hustadvika viste seg frå den aller beste sida.

25. juni og Fjørtofta. Fint utgangspunkt for ein ferie. 15 grader i sjøen, men likevel forfriskande. Gjestehamna på Bud - portalen til Hustadvika.
Stoplaleia på veg nordover. Veret er upåklageleg Vi passerer Kvitholmen på innsida og kursar forbi Vevang Det gamle fiskeværet Håholmen.
Håholmen har ei grei gjestehamn med upåklageleg tare og tjærelukt. Flott maritimt miljø med både notid og fortid. Høvdingen bak styreåra på kopien av Saga Siglar. Frå baren på Håholmen.
Fantastisk dag med upåklageleg utsikt innover Atlanterhavsvegen og sydover hustadvika. Havella som Torseth m/fam blant anna overvintra på Svalbard i. Hesteskjæret fyr på veg nordover Hustadvika mot Kristiansund.
Innseglinga til Kristiansund med Kirklandet på b.b og Innlandet på s.b. Inne i bukta mellom Kirkelandet og Gomalandet er det ei flott gjestehamn med berre 5 min. gange til sentrum. Ei forelska par som var rundt oss heile tida.
Tåka ligg tjukk over byen. Denne dagen var vi tenkte oss til Grip, men måtte berre slutte det frå oss. I staden gjekk vi inn gjennom Bremnesfjorden og rundt Averøya. Etter å ha overnatta ei natt på Håholmen på sydtur, gjekk vi på nytt Stoplane. Det hadde begynt å blåse og vermeldingane var ikkje gode så vi kursa mot Bud Kveldsstemning på Bud. Denne natta vart det eit overhendig tordenver som heldt på i nermare 2 timar. Har aldri før opplevd noko liknande.
Vi var innom Harøysund og bunkra diesel på veg sydover. Det finnst ikkje ein einaste bunkerstasjon mellom Harøysund og Kristiansund. Elnesvågen. her er ei flott gjestehamn og vi vart her i 2 dager. Det blåste kald nordavind men sola skein varmt. Vi var innom Midsund. Grei stad, rett ved sentrum med eiga bunkersbrygge. 
På veg frå Midsund til Sunnmøre måtte vi søke hamn i Brattvågen fordi bølgjehøgda var for stor. Vi lå her i 2 dagar og venta på lagleg ver. På Alnes låg vår son Anders med fam. og venta på oss. Vi stogga her i eit døgn og hadde det kjempefint med mellom anna ein flott gåtur syd gjennom Alnesstranda. Alnes fyr er verd eit besøk. Denne dagen var her mykje Tyske og Franske turistar. Dette var siste feriedagen vår på sjøen. Dagen etter kursa vi heimatt til Steinnes etter 18 dagar i båten.