FERIETUR 2006

Laurdag den 24.juni kasta vi loss på ein ny tur med båten.  Etter ein større service på motoren som eg fekk i gong att kvelden før, var det spanande å sjå om alt virka som det skulle.  Veret var fint men temperaturen heldt seg på omkring 14 grader.  Turen gjekk til Hareid for å bunkre drivstoff og fyrste hamna den kvelden vart Terøya. Denne flotte plassen ligg ved innløpet til Søvika, på babord side.  Søndagen var det litt grått men det lysna opp då vi gjekk vidare til Finnøya der vi vart i 3 dagar med sol og varme. På turen til Finnøya gjekk det hol på turboslangen slik at vi hadde litt kluss før vi kom til land.  Ny slange vart bestilt hos Remvik og Standal i Ålesund.  Resten av dagane heldt vi oss på Bud og i Molde.  Torsdag den 7 juli sette vi kurs for Steinnes.  Bilda under seier litt om 13 nydelege feriedagar på sjøen med vår kjære Saga 27. Foto:  Albert Steinnes

På turen nordover passerer vi Tueneset der Akvariet i Ålesund ligg.  Dette er verd eit besøk I skipsleia forbi Ålesund møtte vi ein av dei prisbelønte Bourbon - båtane frå Ulstein design På Terøya, vest for Søvika fortøyde vi den fyrste kvelden. Dette er ei flott båthamn.
Finnøya har ein av dei flottaste privatbygde båthamnene på Mørekysten. Vi er her tidleg i sesongen og får vere stort sett åleine, men når fellesferien tek til så er her fullt. Vi fekk besøk i hamna av ein svartbak (stormåse) som gjerne ville ha seg mat. Ved nedgangen til båthamna er det bygt eit flott gjestehus med servicerom. I same huset er det museum for "Finnøymotoren", ein kjent slitar i fiskebåtar.
Finnøya er tilhøyrer Sandøy kommune der Harøya har kommunesenteret. På Harøya står dette minnesmerket frå den tid riksgrensa mellom Norge og Sverige gjekk her i 1658-59 Midsund er eit lite flott senter syd for Molde. Desverre kan ein ikkje seie det same om gjestehamna. Det vart likevel ei overnatting her. Vi forlot Midsund dagen etter i kjempever og reiste vidare nordover mot Bud.
På denne turen passerte vi Rindarøy som ligg ytterst i Gossen. Her er det oppsett eit minnesmerke over Rokta sitt forlis i ein forrykande storm på Galleskjera 3. april 1938 Bud har ei ganske bra gjestehamn. Dette vesle samfunnet ytterst på Romsdalskysten med Hustadvika som nermaste nabo er så absolutt verd eit besøk Jan-Erik Gjeitnes med kone og born besøkte oss på Bud. Skuta han fører har virkeleg sjel og dei har farta omtrent kysten rundt med denne flotte båten.
Før vi forlot Bud, med kurs for Molde, fekk vi med oss ein fantastisk flott solnedgang over Hustadvika Service på motoren må til slik at ein er sikker på at den ikkje skal svikte undervegs. Her er det sjekk av oljenivået. Vi kom til Molde i høljeregn. Dette var den einaste dagen på heile ferien at det regna.
Dagen etter reiste vi frå Molde til  Kristiansund
med Timeekspressen. Kr. sund låg bada i sol.
På programmet var ein tur til Grip, men desverre
så kom vi for seint.
Tilbake til Molde valte vi å reise over Hustadvika med hurtigruteskipet "NordNorge" Det vart ein kjempeflott tur til kr. 200,- pr. time. På soldekk nyt vi fineveret

Vel tilbake i Molde. Her ligg Sagaen og ventar på oss på Rekneshamna, forøvrig ei flott båthamn rett ved sida av Molde Stadion. Turen deretter gjekk heimatt til Ørsta.