Ferietur 2004

Ferieturen i år var på kysten av Vestlandet/Møre og Romsdal.  Vi pakka båten med det same vi fekk ferie og drog av stad.  Dette er første året vi ferierer i båt så det var spanande.  Vi la turen til Ulsteinvik - Ålesund - Haramsøya - Fjørtofta - Ona - Bud - Molde - Åndalsnes - Brattvåg - Måløy - Florø - Askvoll og heimatt. Frå Askvoll  drog vi på øyhopping til Værlandet, Bulandet, Gåsvær, Hardbakke, Krakhella og tilbake til Askvoll.  Det var ei fantastisk oppleving som tok ein heil dag. Vi hadde stort sett fint ver, men litt kaldt.  Under ei ei lita bildekavalkade frå nokre av stadane vi besøkte.  God tur.

Båten er klar til avreise frå hamna på Steinnes På turen til Ulsteinvik var vi innom søster Gerd og svoger Henning på hytta deira i Eiksund. Vel framme i den nydelege gjestehamna i Ulsteinvik
På veg til Ålesund møtte vi denne båten som tok los ombord Ålesund med fjellstova Vel framme i Brosundet i Ålesund smakte det godt med mat
Frå brosundet i Ålesund Over på motsatt side av  Brosundet Gjestehamna på Fjørtofta. Så tidleg i ferien var vi den einaste båten.
    
 Elin i siluett i kveldssol over Fjørtofta  Ved gjestekaia på Finnøya   Kveldssol over Finnøya

Ona, på grensa mellom Møre og Romsdal

På veg inn til Bud i Romsdal 

Gjestebrygga på Bud

Molde med hotell Seilet

St.Hans på Åndalsnes med "Hornet" i bakgrunnen

I gjestehamna i Åndalsnes.

På tur med "Dovregubben" frå Åndalsnes til Bjorli Trollveggen med Stabben der dei mange hopparane går ut frå og der enkelte har mista livet. På veg sydover Moldefjorden med Elin til rors.
Ein kort tur innom Ålesund der Queen M var på besøk. Tauverk i propellen som måtte fjernast før turen kunne gå vidare. Så er vi på veg over Stad-havet i nordaustleg bris. Fjellet du ser er Stålet, nordlegaste delen av Stad. Nordaustebrisen gjorde at båten rulla temmeleg kraftig.

Ein forbipasserande seglbåt dukkar ned i ein bølgedal.

På veg inn Ulvesundet med Raudeberg på styrbord side.

Gjelsehamna i Måløy er ei av kystens styggaste.I sjøen var det fullt av fiskefeitt og det lukta pyton.

På ved ut Frøysjøen passerte vi Hornelen.

Før innseglinga til Florø passerte vi Stabben fyr med fjellet Batalden i bakgrunnen..

Florø gjestehamn er ei av dei flottaste hamnene vi besøkte.  Her er alt lagt til rette for at turistane skal trivast.

På besøk hos familien Schanke Eikum på Nyttingnes.

Askvoll gjestehamn. Her var det stille og koseleg, men litt slitsamt å ligge ved fast kai med stor forskjel på høg og lavvatn.

Kommunesenteret Askvoll.

I synsranda ser du Værlandet og Bulandet med fjellet Alden til høgre.

Utsikt over Bulandet med Solund langt i det fjerne.

På Bulandet traff vi venner frå Ørsta.

Det vesle fiskeværet Gåsvær var vi innom ein liten tur for å levere post.

Ingenting å seie på farta mellom holmar og skjer og trange sund.

Kommunesenteret i Solund - Harabakke.

Krakhelle er stoppestad for hurtigbåten mellom Bergen og Måløy.  Vi tok den tilbake til Austevoll Kalvåg er ei fantastisk perle i Bremanger. Vi låg der ei natt på heimtur. Retur over Stadhavet med bukketjuvane på babord side.  Her er veldig ureint farvatn. Hovudskipsleia går langt vest om dette farvatnet.

Tilbake                                                                                                         Til toppen