Ferietur 2012. Steinnes - Stavanger - Steinnes

Ferieturen 2012 gjekk til Sunnhordaland,Hardanger, Haugesund og Stavanger samt alle dei andre flotte stadane vi besøkte på turen. Vi starta 20. juni frå Steinnes og var tilbake 17. juli. Bilder og tekst kjem etterkvart. God tur.

 

Avgang Steinnes 20.06.12 kl. 16.30

 

Stadhavet var fint denne dagen. Her passerer vi Buholmen fyr.

 

1. stogg, Måløy det Elin gjekk ombord. Mi svigerinne Bodil var med over Stadhavet. På veg ut Frøysjøen mot Kalvåg og Knutholmen

 

Vakre Kalvåg, men med veldig dårleg gjestehamn.

 

Frå Kalvåg tok vi ein flott sykkeltur mot Grotlesanden. Her Elin og Bodil

 

Neste stogg på turen var gjestehamna i Florø, ei av kystens flottaste hamner.

 

23.juni er vi komne til Svanøya, syd om Florø. Her besøkte vi m.a. Norsk hjortesenter. Svanøya har dårleg gjestehamn, spesiellt elopplegget.
Vi la båten på Askvoll og tok ferga til Værlandet. Her sykla vi til Bulandet og tilbake. Mange flotte stader å besøkje. Askvoll har utsøkt gjestehamn. På vegen vidare var vi ein tur innom vakre Korssund på Lutlandet. Flott gjestehamn.

 

Vel over Sognefjorden besøkte vi Dingja. Fin plass, bra gjestehamn, men men utsett for vestavind. På Dingja vart det tid til ein liten fisketur frå gummibåten. Nydeleg ver med stille sjø.

 

Skjerjehamn. Her møtte vi "Ariel" med Anders og fam. ombord. Gjestehamna er fin men utsett for bølgjer frå båttrafikk og vestavind. Her ligg vi ved kai på Bradbenken i Bergen. Vågen har eit yrande liv men her er ikkje triveleg å ligge med båt. Medan vi låg i Bergen måtte vi sjølvsagt ombord i ærverdige Statsraad Lehmkuhl. Eg er støttemeldem av denne flotte skuta Eit besøk i Aquariet i Bergen er på sin plass. Mykje flott å sjå.

 

Denne flotte dagen måtte og nyttast til ein tur på Fløyen. Flott utsikt over vågen. Etter ein lang dag i Bergen slo vi oss til ro i Hjellestad seglforeining si gjestehamn. Bra hamn men litt uroleg av forbigåande båttrafikk. Etter ei flott tur frå Hjellestad, gjennom Austevoll, kryssa Sæbjørnfjorden, landa vi i Fitjar på Stord. Bra gjestehamn. Vi gjekk frå Fitjar og til Nordre Tynesvika, rett nord for Leirvik på Stord. Her låg ei seglskute (den svarte midt i bildet) som vår son Robert skulle kjøpe.
Etter å ha sett Robert og Hans vel avgarde på seglturen til Steinnes, tusla vi oss vidare sydover. Vi skriv 1. juli. Utpå ettermiddagen kom vi til Langevåg heilt syd på Bømlo. Dette er mellom anna ventehamn for havstykket Sletta mellom Bømlo og Haugesund. Utfor sydenden av Bømlo ligg Espevær. Her besøkte vi den gamle Hummerparken til Bjelland, eit museum og øyas høgste punkt med vid utsikt. Dagen etter gjekk vi nordover att mot Mosterhamn. Ein stad som osar av historie. Her besøkte vi scena til Mostraspelet.
Her frå amfiet på Mosterhamn

 

 

Frå gullgruva bak amfiet på Mosterhamn

 

Gamle Moster kyrkje frå 1100-talet er rekna for å vere den eldste i Norge. Fyrste kyrkja byggde Olav Trygvason i år 995 her på Moster. Frå Mosterhamn gjekk turen til Sagvåg som ligg syd  på Stord.

 

Vi skriv 4. juli og er på veg inn i Røyksundkanalen på Bømlo. Der er grunt og trangt og vi opplevde å gå på grunn, men det vart ikkje skade på båten.

Her er frå utgangen av Kuleseidkanalen, også på Bømlo. Smalt men ikkje så grunt

 

Lengst nord på Bømlo ligg Brandasund. Ei flott perle ytterst mot havet. Dette er ei lun havn med moderat kvalitet. Et besøk på den gamle landhandelen må til.

Gamal Colin Archer-skøyte på veg gjennom Brandasund

 

 

Frå Leirvik gjestehamn og Leirvik sentrum. Denne hamna er av ypperste kvalitet og kan absolutt anbefalast.

 

Frå Leirvik tok vi hurtigbåten til Haugesund og Stavanger. Ein kjempeflott tur på ein varm flott dag.

 

På turen passerte vi Store Bloksen i nordenden av Sletta. Det var på dette skjeret at Sleipner gjekk på grunn 26.november 1999, der 16 menneskeliv gjekk tapt. Gjennom det flotte karmsundet og byen Haugesund. Fin utsikt frå øverste dekk på hurtigbåten.

 

 

Endå eit bilde frå Karmsundet med Haugesund i bakgrunnen.

 

 

Etter ein fin tur frå haugesund kom vil til Stavanger. Her frå indre hamn.

 

I Stavanger drog vi på sightseeing med ein flott liten buss med ope tak og sider. Den køyrde rundt heile byen og heilt til Sola flyplass. Stavanger domkyrkje er frå fyrste del av 1100-talet og er den eldste domkyrkja i landet som har halde på sitt middelalderutrykk.
På veg tilbake møtte vi på dette vikingskipet i Karmsundet.

 

 

I dag er det 7. juli. Vi har gått over Klosterfjoren til. Rognedalsvik som ligg rett vest for Skånevik. Dette er ein gamal handelsstad. Seinare på dagen kom vi til Husnes med ei av landets flottaste gjestehamner. Her traff vi på Anders m/fam igjen. Dei hadde vore til Stavanger med seglbåten. Etter eit par dager på Husnes legg vi turen mot Rosendal i nydeleg varmt ver. Her seglbåten til Anders.

 

I Rosendal var det ei flott ny gjestehamn. Denne dagen var det så varmt at det var yrande badeliv i sjøen. 10. juli og familien var samla for å feire gamlefar sin 67-årsdag.

 

Vi besøkte den flotte steinparken i Rosendal.

 

Sjølvsagt måtte vi ha ein tur opp til det flotte Baroniet i Rosendal frå 1600-talet. Dette var ei flott oppleving.
Etter å ha gått gjennom Lukksund og over Bjørnafjorden, kom vi til Vedholmen i Fana. Dette er også ein gamal handelsstad.

 

Så er vi atter i Bergen. Her var veldig fullt på vågen. Dei tre innringa båtane i bakgrunnen er frå Ørsta

 

På turen nordover var vi ein tur innom Eivindvik. Her er dårleg gjestehamn. Elopplegget er under ein kvar kritikk.

 

Hardbakke i Solund er ein naturleg stoppestad på veg nordover. Her er fin gjestehamn, men kan vere trangt i høgsesongen

 

Så er vi på veg nord gjennom Steinsundet i Solund saman med Anders ombord i "Ariel"

 

Det er mange bebygde vikar i Solund. Her frå Buskøy.

 

 

Så er vi komne til ventehamna på Selje og det er klart for siste etappe over Stadhavet. Selje gjestehamn er veldig dårleg og er i grunnen ei skam for den elles fine staden.

Selje gjestehamn

 

 


Eg håper du har hatt ein fin tur saman med oss på kysten av sydvestlandet. Det å reise på kysten vår er ei fantastisk oppleving. Vi får sjå deler av vårt vakre land som ein aldri får oppleve med bil. Eg har denne gongen kommentert litt dei hamnene vi har vore innom. Generelt er standarden bra, men nokre hamner er veldig dårlege spesiellt med tanke på det elektriske anlegget. Nokre få plassar er det ein risikosport berre å koble seg til straum.
Eg har opplevd varme kablar, jordlekkasje og sikringar som stadig ryk. No må det i rettferda sitt namn også seiast at ikkje alle båteigarar er så nøgne med kva utstyr dei har. Her må vi hjelpe kvarandre slik at det kan bli betre. Det handlar tross alt om 220-240V straum og vatn.
Bilda under er eksempler korleis det ikkje skal vere. Til ve. syner det verste vi har opplevd.