Ferietur 2007

Ferieturen 2007 starta den 25. juni med kurs mot Sykkylven. Det var delvis opplett og temperatur på 13 grader. I år hadde vi bestemt oss for å reise inn i fjordane, dvs. Tafjorden og Geirangerfjorden. Etter kvart vart turen ein del lenger. Vi la til Nordøyane med, Skuleøya, Fjørtofta, Finnøya og Ona. Siste delen av turen var vi saman med vår son Anders og hans familie. Oppsummert så hadde vi 16 fantastiske dagar. Berre eit par dagar var det gråver.  Velkomen saman med oss på ein fantastisk fjordtur på Sunnmøre.... og ikkje minst, hjerteleg velkomen til å feriere her på Sunnmøre. 
Fyrste dagen kom vi til Sykkylven. Her er ei ny flott Båthamn som er oppbygd i tilknytning til eit badeland. Meir im dette seinare Stranda kommune har ei dårleg gjestehamn, med ca 30 min. gange til sentrum. Her var dårlege fasilitetar og ikkje eit menneske å sjå. Åkernesrenna er eit fjellparti eit stykke innfor Stranda kommune. Dersom denne fjellhammaren faller ut i sjøen vil det danne ei enorm flodbylgje som kan ta mange menneskeliv og forårsake enorme øydeleggingar. Den mest kjende ulukka i denne fjorden er Tafjordulukka natt til 7. april 1934
Matvika er ei av perlene i innløpet til Geirangerfjorden. Det går mange segn om denne staden. Mellom anna var der svært fruktbart. På veg inn Geirangerfjorden passerte vi Syltevika. Ein liten gard med naturkreftene tett på. På venstre side omtrent midt i fjorden møter vi dei 7 søstrene som kastar seg utfor fjellet. Det er eit fantastisk syn, særleg i mai når det er mykje vatn i elvane.
Rett overfor dei 7 søstre kastar "Friaren" seg stor og vakker utfor fjellet. På bergveggen rett ved "søstrene" er det mange navn skrivne på fjellveggen. På høgre sida av fjorden ligg garden Skageflå og klorar seg fast på ei fjellhylle. Når ein er på tur til Geiranger er dette eit ynda turmål. Turen opp frå sjøen tek ca 40 min med roleg gange.
Dette er eit av dei rolege partia opp. Enkelte plassar er stien meisla ut i fjellet. Garden ligg der i dag nyrestaurert og flott. Det er Storfjordens venner som skal ha all ros og ære for at både denne og fleire andre fjellgardar ikkje ligg i ruin. Dette er svært verdifulle kulturminner. Den 12. juni 2006 avduka Dronning Sonja denne plata oppe på Skageflå. Trykk på bildet og les teksta. 
Oppe på Skageflå er det kjempeutsikt ned på alle dei flotte turistskipa som passerer. Dette er Albatros. Maxim Gorkiy på veg ut fjorden. Dette er ein av båtane som legg att mykje forureining i den tronge fjorden. Regent for anker medan folket blir ført i land med båten sine barkasser. Båten tilhøyrer Seven Seas Voyager og er registrert i Nassau.
Jammen kom ikkje sjølvaste "dronninga" Queen Elizabeth 2 på besøk. Det er litt av nokre dimensjonar på dette skipet. Den hadde med seg eigne taubåtar som bukserte den på plass i den trange fjorden. AIDA Cruises sin flotte og serprega båt AIDAvita bygd i 2002 kvikka opp i fjorden med den flotte ormen malt på skipssida. Grand Prinsess er ein kjempeflott båt med sin særprega akterende.

Grand Prinsess. Lenger ute i fjorden ligg Delphin

Tafjord , inneklemt innerst i Nordalsfjorden. Kjent for skredulykka 7. april 1934 og sitt store kraftverk. Bygda har utandørs oppvarma symjebasseng. Gjestehamna i Tafjord. Det er ei familie fra Nederland som driv denne og campingplassen. Svært gjestfrie folk.
Fjellskredet i Langhammaren - 40 mennesker omkom natt til 7. april 1934.

På vegen ut fjorden måtte vi ein snartur innom Valldal for å fylle drivstoff. Været var heilt fantastisk denne dagen. Valldal er kjent for sin jordbærproduksjon og for rehab. senteret Muritunet.

Ute i Storfjorden, rett overfor Dyrkorn, ligg Yste Skotet. Det er 3 fjellgardar som ligg vakkert til oppe på eit platå med vakker utskikt over fjorden. Her møtte vi vår son - Anders m/fam. Her er ikkje kaiplass så vi måtte legge oss til i ei lita vik. På grunn av stor djupte måtte vi spenne tau mellom fjellveggane. Herifrå rodde vi i land med gummibåten.

Vegen opp er ganske bratt, men fin å gå. Minstejenta Åsta sat trygt på pappa Anders sine skuldre. Oppe på Skotet vart vi godt mottekne og synte rundt i husa. Vi fekk også sjå kammerset der Dronning Sonja overnatta då ho var der sist. "Kraftstasjonen" er teken godt vare på. Her overførte dei via ein vire krafta som skulle til for å drive vedkløyvaren og truskeverket som stod i løa ca.75 meter borte. Genialt uttenkt og laga.

Geitene har invadert gummibåten. Det var heilt tydeleg at dei var saltsjuke fordi båten var reinslikka for saltvatn.

Sjølvsagt måtte vi ein tur til Sykkylven att slik at borna fekk kose seg i det flotte utandørsbassenget på Ikornes. På vegen frå Ikornes til Nordøyane passerte vi Ålesund. Turistskipet Artemis har akkurat lagt frå kai.

 

Nordvest for Bjørnøya fekk vi ein heilt fantastisk solnedgang med blikkstille hav. Det er Anders sin seglbåt vi ser mot solnedgangen. Vi fant oss ein god plass innerst på gjestebrygga på Skuleøya. Her var stille og fredeleg men veldig dyrt. Kr. 150,- pr. natt for kaiplass og straum er maksimalt av kva vi har betalt for stort sett ingenting. Er ikkje å anbefale! Vi gjer oss klar for ein dagstur med ferga til Ona. Vi har gått dit på eigen kjøl tidligare, men det var meir sosialt å reise saman på ferga. Det var ein stille og fin dag, men litt kjælig. Vi ligg her på Finnøya.
Ona med fyren på høgste toppen. Rart å tenke på at i krigsåra så budde her 300 mennesker. I dag er det ca. 50 fastbuande. Kveldssola går i havet når vi går til ro i den praktfulle gjestehamna på Finnøya. I haust vart det opna eit fantastisk flott innandørs badebasseng, rett ved sida av gjestehamna. Det må vel vere kystens flottaste. Sjå bilder frå bassenget her.