Storm på Sunnmørskysten 29. august 2005

Samtidig med Katrinas enorme herjing i Florida, der byen New Orlins er truga med total øydelegging, fekk vi haustens fyrste storm på Sunnmørskysten. Det var meldt opptil sterk storm, men det vart sagt at i kasta var den opp i orkan styrke. Dette kan eg skrive under på.  I skrivande stund veit eg ikkje om øydeleggingar her, bortsett frå ein del båtar som hadde slite seg, kanopadlarar som fekk problem i Geirangerfjorden og 4 tyske turistar som fekk problem, men det gjekk heldigvis bra til slutt med alle. Bilda under viser litt av intensiteten den timen det var som verst her på Steinnes.  

Stormvarsel for Møre og Romsdal mandag den 29. august

Bølgene gjekk temmeleg høge i dei verste kasta Sagaen låg heldigvis tryggt i hamna, sjølv om trykket til tider var ganske stort Blad og greiner fauk gjennom lusta så det var ikkje ufarleg å halde seg utandørs.

Eg var ei stund redd for bilane som vi hadde parkert godt bakom uthuset

På Vartdalsfjorden gjekk båttrafikken som vanleg trass i den sterke vinden.

Båten til naboen sleit hardt i førtøyningane, men dei heldt.

Bildet talar for seg
Til toppen av sida