På selfangst i Vesterisen med Dr. Hans Kragset  1977 og 1978

Dr. Hans Kragset frå Ørsta var ekspesisjonslege for selfangstflåten til Vesterisen i 1977 og -78. (Med Vesterisen forstår vi drivisområda i fiskerisona ved Jan Mayen og i havområda ved Jan Mayen utanfor Grønlands fiskerisone og sørvest av Svalbard.) Hans var ombord i selfangstskuta Harmoni og tok veldig mange flotte bilder på desse turane og dei 270 beste bilda har han samla på ein CD som er til sals for dei som har lyst til å ha den.  Den kan bestillast på denne epostadressa: albert@tussa.com  Under er ein liten smakebit av turen.  Bilda kan forstørrast.

Oppdraget I ro i Tromsø før overfarta til Vesterisen Provianten kjem ombord.
Overfarta er ganske lang og det er ofte ruskever. På veg til feltet Møte med den fyrste isen
Møte med Kvalrossbukta Beerenberg på Jan Mayen i måneskin Ishavsskuter i isråk
Merking av sel Livet ombord var også anna enn å merke og slakte sel. Hans kosar seg med ei av kokken sine blautekaker Så har den verkelege fangsten begynt. Mykje blod og søl. Her er det ein blueback som blir flådd.
Skinna blir spylte på isen. Grundig vasking av selskinn på dekk Her er eit stort selkast på isen
Sørpeis på Eggøya Skuta er fullasta og turen vert sett mot heimlandet. Norskekysten i sikte etter ein flott tur.