"SC BALTIC" PÅ GRUNN

Det var den 13.mai at frakteskipet "SC BALTIC" gjekk på grunn rett i sydaustsida av Yksnøya i Vartdalsfjorden på Sunnmøre.  Kva som var årsaka til grunnstøytinga kjenner eg ikkje til, men det må ha vore ein temmeleg alvorleg svikt når grunnstøytinga kunne skje her i reint farvatn, midt på dagen og med god sikt.  Dersom grunnstøytinga hadde skjedd nokre meter lenger mot vest hadde det vorte eit temmeleg ublidt møte med fjellveggen. Sunnmørsposten skriv dette på nettsida si.

Bildet er teke med telelinse frå Steinnes kl. 14.30 Redningsskøyta prøver å trekke den av grunn men det er fellande sjø og den sit godt fast Kl. 17.30 med nesten full fjøre
"Multi Mammut" frå Ødegaard berging er komen på plass Bilda talar for deg sjølv.