OPNING AV EIKSUNDSAMBANDET 23.02.08

Den 23. februar 2008 var det høgtideleg opning av verdas djupaste undersjøiske tunnel - det nye vegsambandet som bind ytre søre Sunnmøre til fastlandet. Det var stor festivitas med mykje folk og celebre gjester som kasta glans over dagen. Opninga var halden ved tunellopninga på Eika og det var samferdselsminister Liv Signe Navarsete som stod for den. Fleire hundrede menneske hadde funne fram til Eika denne dagen. På sjøen låg kystvakta og eit forsyningsskip brukte all sin kapasitet med vasskanonene. Veret var kaldt og ein del overskya og undervegs i sermonien fallt det nokre regndropar, men det gjorde ingenting.  Under er ei bildekavalkade frå opninga. Foto: Albert Steinnes
Mellom Eiksund og Eika går det bru. Denne står på fundament i sjøen og ein holme. Seglingshøgda er 16 meter på høgvatn. Frå tunnelinslaget på Eika skråar det bratt nedover, under Yksnøya og ned på 287 meter. Dette er verdas djupaste undersjøiske tunnel med ei stigning på det brattaste på 9,6% Opningsdagen var det sykkelkonkuranse frå Steinnesstranda (innslaget på fastlandet) og opp til innslaget på Eika. Dei fyrste sykklistane er komne i mål.

Musikkanter har samla seg for å spele foran opninga av tunnelen

TV-2 sine kamera er rigga opp på knausane 
rundt tunnelopninga

Drilljentene er på plass foran hornmusikken

VIP- bussane kjem køyrande i tog frå båe sider Prosjektleiar Oddbjørn Pladsen orienterer om det store tunnel og vegprosjektet. Samferdselsminister Liv Signe Navarsete stod for den høgtidelege opninga.