LAT SJUKEHUSET I VOLDA LEVE!

Helse Sunnmøre trugar med å legge ned akuttfunksjonen ved sjukehuset i Volda. Dette er innbyggarane i nedslagsfeltet sterkt imot. Torsdag den 21. januar vart det arrangert eit fakkeltog frå Volda Rådhus. ca. 4000 tok del. Det var ei fantastisk oppleving. Då toget kom til sjukehuset, delte det seg og "slo ring rundt" sjukehuset. Det vart halde apellar og kl. 2100 var det direktesending på TV 2. Vi treng lokalsjukehuset vårt og då er det heilt bort i veggane at pengane skal gå til St.Olav fordi dei har byggt så stort og dyrt at det ikkje kan drivast utan pengar mellom anna frå Volda. Underskriftskampanjer er i gong, og på nettet har snart 12000 skrive under på eit opprop om at sjukehuset ikkje blir røyvd. Likeeins er det ein underskriftsaksjon på Facebook som har samla 7500 underskrifter. Dette er folkeviljen!

Bilde teke av Mari Langeland Sætre den 21.01.09 Frå plassen foran sjukehuset Toget på veg til sjukehuset