Ørstaheimen

min arbeidsstad frå 1999 - 2007



Flyfoto: Anders Steinnes  21.10.07

Ørstaheimen er ein helseinstitusjon med plass til 82 pasientar fordelt på 76 rom. Opprinneleg var dette to institusjonar, Ørsta Aldersheim (bygget til venstre) og Ørsta sjukeheim (bygget til høgre)  Gjennom dei siste 6 åra har bygningane blitt totalrenovert og eit nytt tilbygg (midtbygget) vart teke i bruk i 2000. Alle bygga er samanbundne med korridorar.  I dag er Ørstaheimen den største enkeltarbeidsplassen i Ørsta kommune med 76 årsverk fordelt på ca 145 tilsette og eit driftsbudsjett på 34 mill. . Som du ser av bildet så ligg heimen vakkert til under Nivane og har adresse:  Håkonsgt. 78.  E-postadr til driftsleiar: inger.liadal@orsta.kommune.no
Bygg nr. 1 vart totalrenovert i 2003-2004 og vart teke i bruk til 17. mai i år.  Opprinneleg så var det i dette bygget plass til 40 pasientar, men etter oppussinga så er det plass til 27, fordelt på 3 åttargrupper i 2. etg.  I 1. etg. er administrasjon, eit dagsenter med plass til 10 pasientar og eit sentralvaskeri. Bygg 2 vart påbegynt i 1998 og var innflyttningsklart i januar 2000.  Bygget har plass til 33 pasientar fordelt på 4 åttargrupper.  I 1. etg. er det ei skjerma avdeling for demente (16), medan 2. etg. er Rehabiliteringsavdeling. (17) For tida er denne avd. av økonomiske grunnar ei vanleg somatisk avdeling. Bygg 3 vart totalrenovert i 2001 og innflyttningsklart i januar 2002.  Dette var som sagt den gamle aldersheimen med plass til 32 pasientar, inkludert ei 8 sengs skjerma avd. for demente. I dag er det avd. Solkroken som har heile 2. etg. med plass til 22 pasientar, medan det er internvaskeri i 1. etg. og Heimebasert omsorg i 3. etg.
Pådette og neste bilde ser du den flotte hagen mellom bygg 1 og 2. Bedda er oppbygde for at dei som sit i rullestol skal få nærkontakt med plantene. Dette er bygg 2 frå vest. Plenen skal nyttast til ein sansehage. Arbeidet er starta og vi reknar med å bli ferdige med dette prosjektet i 2008

Tekst og foto:  Albert Steinnes okt. 2004-2007