"Shetlandsbussen" KNM Hitra
|
Uheldig russisk ubåtkaptein som gjekk på land i fjøresteinane ved Karlskrona i Sverige kan takkast for at båten har kome til heider og ære att. |
|
|
|
KNM Hitra er eit av tre farty som Den Kongelege Norske Marine fekk frå USA i 1943. Dei skulle brukast i den viktige trafikken mellom Noreg og Shetland. Dei to andre båtane var KNM Hessa og KNM Vigra. Båtane var konstruert allereide i 1917 som kystbåtjagarar for den amerikanske marinen. Under siste verdskrigen vart det bygd 438 stort sett like farty. Det er mykje å lese om dette under KNM Hitra si eiga web-adresse. Torsdag den 26. april vitjar båten Ørsta. Den er
i dag eit flytande marienemuseum og folket i Ørsta har høve til å kome
om bord. Bildet over er teke ved 18-tida den 25. april då båten er på
veg gjennom Steinnessundet i 15 knpos fart. I bakgrunnen ser vi
ferga og vi meir enn anar at her passerer den gamle og den nye tid.. |
|
FRÅ BESØKET I ØRSTA 26. APRIL 2004 |
|
|
|
|
Det flytande marinemuseet KNM Hitra ved Røde Kors kaia i Ørsta. |
Båten er 111 fot og 6 3/4 tommer lang, 18 fot og 8 tommer brei og stikk 6 fot djupt. |
|
Den er bygd under siste verdenskrig av pitchpine (kanadisk furu) på eikespant med hovudskott i stål ( bildet kan forstørrast? |
I mannskapsmessa akterut møter vi to blide karar som avtenar verneplilta si om bord. Frå venstre Øyvind Moen og Erling Bøhler, begge frå Oslo. (bildet kan forstørrast) |
|
Våpen om bord: 1 stk 6 punder (57 mm) , Hotchkiss MKVII sjømålskanon, 1 stk Bofors L/60, 40 mm luftvernkanon. 2 x 2 stk 20 mm Oerlicon maskinkanoner. 2 stk 0.5" (I 2,7 mm) vannkjølte Colt mitraljøser. Den førstnevnte kanonen mangler i dag. (bildet kan forstørrast) |
2 karar diskuterer ivrig medan dei ser på lutftvernkanona på framdekket. |
|
|
|
Framme under bakken er mannskapslugaren. Køyene heng slik at det er direktekontakt til spanta og skutesida. Ein del av dekksbjelkane er orginale og andre er nye. |
LEVIS MASKINGEVÆR. Kaliber 0.303" (7,7mm). Skottakt ca. 550 skot i minuttet. Det er elles stilt ut ei rekke andre handvåpen. |
|
|
|
|
Odd-Jarle Osborg på veg inn på maskindørken. |
Her ser du babord hovedmotor og straumaggregat. Hovedmotorane er ein gave frå MTU. Kvar hovedmotor er på 1250 Ahk. |
|
TAKK TIL ØRSTA ROTARY OG MARINEN SOM GJORDE ØRSTABESØKET MOGLEG. |