FRÅ SNIKKARBUDA

Som pensjonist er det veldig kjærkome å ha ei koseleg snikkarbud å ty til. Her er eg veldig mykje for det er alltid noko å lage, enten til eige bruk eller til andre som treng noko spesiellt. Snikkarbuda er etter min kjære far som dreiv rokke og vevstolproduksjon ei stund før og etter krigen. Det er ingenting att av den gamle heimelaga maskinparken han hadde, men romet er akkurat det same. Her er veldig trangt, men utrueleg koseleg. Under er nokre bilde av ting eg har laga denne hausten.

Vogger kan bestillast på denne adressa: albert.steinnes@gmail.com

Det har lenge vore snakk om å lage nye dører og skuffer til vårt gamle kjøkken. I september 2010 kjøpte eg meg nytt freseutstyr så då var det berre å gå i gong. Då eg aldri hadde gjort dette tilegare var eg veldig spent på korleis det ville bli. Her er det fyrste eksemplaret frest ferdig for pussing og liming, men det er 10 att. Den gamle skuffeseksjonen vart riven ut av benken og ny vart laga med god hjelp av Kreg sin lommeholsjigg. Dei gamle treglidarane vart bytta ut med skinner. Dette ser no bra ut? Før finpussing og lakking vart skuffeseksjon og nokre dører lausleg tilpassa. Synest det er stor standardheving. Dei gamle dørene til ve.

Ferdig resultat etter 2 vekers arbeid.

Her er ei dokkevogge på "beddingen". Desse voggene er populære. Har laga 10 stykker. Ikkje ei einaste vogge er heilt lik, då mest alt er handarbeid

I trekvit versjon 30x50cm. Pris frå kr. 1000,- til kr. 1500,-

Kvitmalt versjon kr. 1300,-

 Dokkevogge  30 x 50 cm og babyvogge. 50 x 90 cm. Pris på babyvogge: Kr. 2000,- til kr. 2500,-

 Ny sittebenk på ein Alu 33 seglbåt

Ny kartplottarramme på ein Nimbus Epoca 26 fot

Nye dører til min Saga 27. Dørene er produsert i teak med teakfinerspeil.

Fresedetaljer. Til å frese rammene i dørene har eg byggt om eit kontrafresestål som blir brukt til å lage speildører. På denne måten er dørene lik på begge sider.

Ferdig resultat. No er det berre finichen, montering av beslag og lakkinga att.

Ny skuffeseksjon til Sagaen under produksjon

Skuffene er pussa og lakka med 5 strøk Epifanes teaklakk

Ferdig skuffeseksjon, klar til å montere inn i båten.

Har og laga nye skapdører.

Fresedetalj frå dør.

Ny design. Denne har innfreste speil både i lang og kortende.
 
Nytt bord til båten, laga i teak, mahogny og eik. Bordet er samanleggbart. Heimelaga horisontalt boreverk for boring av plugghol i voggene. Fungerer prikkfritt. Haldar til fenalår.