Ferietur med båt til Bodø, sommaren 2013

Årets ferietur gjekk til midnattsola sitt land. Då vi var på Helgelandskysten i 2011 bestemte vi oss for at hit må vi igjen. Difor vart målet i år ikkje berre Helgeland men heilt til Bodø dersom veret stod oss bi.  Elin og eg reiste frå Steinnes onsdag den 12. juni kl. 16.40 med kurs for Bud. Då vi kom dit utpå kvelden bestemte vi oss for å verte ferdige med Hustadvika, då veret var bra.. Dagen etter stemde vi nordover med store forventningar. På mandag den 18. juni skulle vi ta ombord Elin sin søster - Bodil. Ho skulle gå ombord på Brekstad og bli med oss til Bodø..
Vår kjære Saga 29 oppførte seg perfekt på heile turen og det vart logga 987 nautiske mil.  I bilderepotasjen under vil vi dele nokre av inntrykka med deg, slik at du også kanskje vil gjere same turen, enten med båt eller bil. Vi har utan tvil verda sitt vakraste land og kyststrekning. Bileta er tekne av Bodil Lotterud, Elin Steinnes og Albert Steinnes. Dei kan kopierast med løyve frå eigar.  God tur!
Vi skriv 12. juni og båten ligg klar i heimehamna, ferdiglasta til langtur. Avgang kl. 16.40. Været er flott med nesten stille sjø. I Moldefjorden fekk vi sydvesten i hekken og den gav oss ekstra fart. 1. mål var Bud. Der gjekk vi berre innom og kokte ein kaffi Då veret var så pass bra be-stemte vi oss for å gå til Kristian-sund. Hustadvika synte seg frå ei god side, kun litt vestadønning. Nordom Kvitholmen kursa vi på Rangøystraumen og gjekk forbi det smale sundet ved Rangøya. Dette er ein veldig idyllisk stad.
Vest i Gaupsundet møtte vi så vidt havet før vi kursa nordvest gjennom Langøysundet. Denne leia er eit fint alternativ til Hustadvika. Kl. er snart midnatt og vi går inn til Kristiansund. 7t og 20 min. tok turen frå Steinnes (90 nm) og vi gledde oss begge til å kunne tørne inn i gjestehamna. 13. juni. Det smakte verkeleg godt med eit rekemåltid på gjestehamna i Kristiansund. Elin storkosar seg med den gode maten og for det fine veret. 15. juli. Då vi hadde veldig god tid, var vi 2 dagar i Kristiansund.  Vi kursa nordover forbi Møyslåtten og Ringholmen. som er eit gamalt fiskevær.
Trondheimsleia er "Norges kjedligaste havstykke". Veret var bra og den vinden som var, hadde vi i ryggen. Leia er ca. 60 nm. Her er lite å feste augo på. Austrått er det ei flott gjestehamn. Denne ligg eit par nautiske mil aust om Brekstad. Hamna ligg like ved den gamle borga frå 1656. Verd eit besøk. Stemningsbilde frå Austrått. Borgtårnet stig opp over skogen midt i bildet. Mandag den 17. juni gjekk vi til Brekstad for å ta ombord Bodil. No er damene klare for Nord-landstur. Brekstad hamn er ikkje så bra å ligge i då det er ein del sjø frå båttrafikken. Brygga er ny og vidare utbygging er planlagt.
1.stopp på turen var Lysøysundet. Eit lite fiskevær med verdas største, no nedlagte sildoljefabrikk. Her vart vi kjent med Jan Morten Grundestad. Vi traff han og kona mange gongar på turen. Vi kom til Rørvik 18 min over midnatt. Her skjedde det eit lite intermesso då Elin under klargjering av trossene, fallt i sjøen mellom kaia og båten. Vi fekk henne raskt opp på kaia og alt gjekk fint.

Undervegs frå Rørvik til Brønnøysund, møtte vi på det 192 m lange turistskipet Amadea. Trykk på namnet så får du vite meir om skipet.

Etter å ha passert Leka, Austra og Kvaløya, såg vi Torghatten i det fjerne. Dette er eit ganske langt havstykke som kan vere vanskeleg å forsere når det bles, men denne dagen var det heilt stille.
Vi la til i ei fin hamn nord for torghatten og sykkla dei 3,5 km til der oppstigninga til torg-hattholet startar. Å gå opp er lett og utsikta gjennom holet er flott. Kva har laga dette holet?? Brønnøysund er midt i Norge. Det er ein fin stad, men gjestehamna er ikkje blant dei beste, særleg straumen står til stryk. .Ut over dette er Brønnøysund ein flott stad. Tjøtta gjestehamn er sånn midt på treet. Stålbrygge med straum og vatn på brygga. Då vi kom dit var ingenting i orden men dette kom på plass straks av hygg-elege folk. Flott plass. Petter Dass museet må berre opplevast. Sagd ut i fjellet som det er. Her er mykje godt for auge, øyrer og gane. Restauranten serverer ypperleg mat.
Sandnessjøen har to gjeste-hamner, ei i sentrun og ei litt lenger syd. Begge kan utan tvil anbefalast. Her er alt du treng. Frå den sydligaste er det 5 min sykkeltur til sentrum. Vi leigde bil og tok turen over til Dønna. Her er Bodil og eg med Lovund i det fjerne bak oss. Denne dagen var det gråver men det la ingen dempar på den flotte turen. Dønnes gård er noko for seg sjølv. Vi fekk kome inn i dei vakre stovene og vart traktert med herlige vaffler og kaffe. Mykje flott å sjå. Dønnes Kyrkje ligg nord på Dønna, tett ved Dønnes gård. Dette er ei flott kyrkje med eige gravkapell. Kyrkja er påbyggt fleire gonger, noko som er synleg utanfrå.
   
Frå Sandnessjøen gjekk turen til vakre Onøy. Herifrå fekk vi med oss øyhopping til Lovund og Træna med hurtigbåten. Gjestehamna har det som ei god hamn bør ha. Klokkargården på Rødøya er ein flott stad. Her osar det av gamal historie. Ikkje langt frå gården troner den mektige "Rødøyløva" som er eit kjent landemerke.