Ferietur til Helgelandskysten sommaren 2011

Ferieturen i år gjekk til den vakre Helgelandskysten. Finare stad på jord finn vi vel knapt. Vi la bak oss 782 nautiske mil på 4 veker. Veret var stort sett godt, men ei og anna regnbyge hadde vi og då vi passerte det flate Ørlandet på nordover, tordna og lynte det. Vi besøkte utrueleg mange stader som Rørvik, Brønnøysund, Sandnessjøen, Nesna og ikkje minst øyriket, heilt ut til ytterste Lovund og Trena. Sida blir oppdatert med bilder etter kvart som eg får tid.  GOD TUR!

8. Juli og 1. stogg på turen var Bud. Her møtte vi vår eldste son med familie. Dei var på veg sydover. 9. juli. Midt på hustadvika ligg Storholmen. Vi gjekk Stoplaleia, på innsida av fyret. Havet var blikk stille. Vi gjekk indreleia, forbi Håholmen, Korsholmen på styrbord
og inn i nedre Hotteråsa. Her er  grunt, trangt-,
men veldig idyllisk. Dette er ei lei som kan på det varmaste anbefalast, men desverre ikkje for seglbåtar.
Svigerinne Bodil og Elin kosar seg på framdekket gjennom Langøysundet. Langøybrua rett forut

 

Vi var ein tur innom Kristiansund for bunkring og handling. Dette var på laurdag den 9. juli og det var veldig fullt av båtar.

 

Turen gjekk vidare over Talgsjøen, forbi Møyslåtten og opp gjennom Ramsøysundet før vi kryssa trondheimsleia og gjekk inn syd for Edøya. Bildet er frå Hammarsundet som ligg lengst ut mot Trondheimsleia. Etter å ha gått rundt Edøya utan å finne hamneplass, kryssa vi på nytt Trondheimsleia og gjekk til Vihals, rett syd og inn for Tjeldbergodden. 

 

10. juli. Hydro sitt anlegg på Tjeldbergodden Hitra med alle sine vindmøller

 

Terningen fyr i nordenden av Trondheimsleia Kjeungskjæret fyr, Norges einaste 8-kanta fyr som ligg rett utfor Uthaug på Ørlandet
Eit stykke nordom Ørlandet møtte vi ei nordlandsjekt (bindalsbåt) på veg sydover. Her var vi akkurat ferdig med eit skikkeleg tordenver.

 

Innfor Stokkøya og Stokksundet ligg Kuringvågen, ei stille flott hamn som mellom andre Synnmøringane etablerte seg under dei store sildeåra på 50-talet. her står ein del gamle rorbuder att etter den tida. Kuringvågen med restaurant og rorbuer.

 

 

11. juli. Innseglinga til Rørvik sydfrå. Vi gjekk Flatangerleia og unngjekk dermed havstykket Folda. Denne leia kan anbefalast, også for seglbåtar.

 

Vel framme i Rørvik fekk vi oss ein fin båtplass. Oppe på kaia til ve. ligg produksjonsstaden til Hansvik-båtane. Redningsskøyta hadde fast plass i Rørvik. Med Folla-havet rett syd, var den ofte ute på oppdrag. I Rørvik møtes syd-og nordgåande hurtigrute. Å ta ein tur ombord i Trollfjord var ei oppleving i seg sjølv. 13. juli. På vegen nordover frå Rørvik gjekk vi forbi Torghatten. Vi hadde hatt ein stri tørn hit, med mykje rufsen sjø.
Brønnøysund gjestehamn. Her var det til tider alt for fullt, men så er hamna rekna som ein av dei beste. Her er eg usamd då bl.a. elanlegget kollapsa fleire gonger på grunn av overbelastning 14. juli reiser vi på sykkeltur til Ylvingen og Vega. Vi tok buss ein halv time til Horn. Denne dagen var det grått og regn, men på tur skulle vi. Båten la vi att i hamna. På nordspissen av halvøya som Brønnøysund ligg på, finn vi fergekaia på Horn. Herifrå går det ferge til Ylvingen og Vega. Turen over tok 25 min. Kaffe og litt mat smaka godt på ferga.

 

 

Ferga gjekk til Rokneset på nordenden av Ylvingen. Herifrå var det ca. 2 km til kaia i Ylvingsvågen. I dette huset var det mykje av innspelinga til TV-serien Himmelblå var oppteken. Sjølvsagt måtte vi besøkje butikken og eg kjøpte meg ein himmelblå varm god genser. Vi hugsar "Karoline" bak kassa, spela av Lena Kristin Ellingsen.

 

Kafeen slik vi kjenner den att frå "Himmelblå"

 

 

På veggane i kafeen var det hengt opp bilder av rolleinnhavarane av serien. Her ser vi Roland,(Terje Skongseng Naudeer) Roy (Hallvard Holmen) og Marit (Line Verdalen)
Kyrkja måtte sjølvsagt ha eit besøk. Det var her Nina Bendiksen spelte presten "Vivian" i Himmelblå Kyrkja var ikkje så stor, men der var sikkert meir enn nok plass til dei som budde på Ylvingen. Vi sykla til sydenden av Ylvingen der det er eit gamalt fort "Tyskhåjen" som måtte besøkjast. Veret var ikkje på vår side på denne sykkelturen. Etter å ha teke ferga frå Ylvingen til Purkholmen nordaust på Vega, sykla vi 11 km til Rørøy og tok hurtigbåten til Brønnøysund att. Veret klarnar opp og blir fint.
Bilde frå hurtigbåtterminalen på Rørøy

 

På Fergekaia på Rørøy finn du dette skiltet som fortel at Vega-øyene er ein del av verdsarven vår.

 

Eit stykke frå fergekaia stod denne flotte modellen av Rørøy i eldre tid.

 

Vel tilbake i båten søkjer Bodil på nettet etter rimeleg flytur heim til Hurdal. Ho forlot oss her etter ei veke. Takk for laget Bodil.

Dagen etter, den 15. juli  forlet vi Brønnøysund og drog vidare mot Tjøtta. Lengst bak på bildet ser vi austsida av dei 7 søstre som strekker seg frå Alstadhaug til Sandnessjøen 

Tjøtta er ei vakker plass. Her er god gjestehamn, flott servicebygg, båtopptrekk og butikk. I tillegg er her lunt for vinden pga.høg molo. Prisen er heller ingenting å seie på. Fleire gonger på turen opplevde vi nydeleg nattehimmel. Sola spelar i skyene kl.2400 om natta.

 

Laurdags kvelden den 15. juli tok eg gummibåten og prøvde fiskelukka. Det vart ein 3-kilos torsk og eit par kroppungar, rett utanfor hamna.

Frå Tjøtta og nordover går det ein lang landtunge. Her driv staten Bioforsk Nord og har hundredevis av storfe som beiter i dette området. Bioforsk held til på den tradisjonsrike Tjøtta gård  som i sin tid var heimstaden til Øyvind Skaldespillar og vikinghøvdingen Hårek frå Tjøtta.

Midt i dette vakre natur-landskapet, ca 3,5 km frå Tjøtta ligg Tjøtta internasjonale kyrkjegard. Her er dei  lagt til kvile dei aller fleste russiske
krigsfangane som døde i
tysk fangenskap i Nord-Norge under siste krig.
I alt 7551 minneplate finn vi på
denne gravlunden som er innegjerda
som eit flott parkanlegg.
Fred over alle sitt minne.

 

 

17. juli reiste vi vidare mot Sandnessjøen. Vi passerte Alstadhaug kyrkje med sin karakteristiske løkkuppel. Då det blåste ein god del nordavind som gjorde landstiging vanskeleg, tok vi turen tilbake pr. bil frå Sandnessjøen dagen etterpå.
Sandnessjøen er ein triveleg by i passe gå/sykkelavstand frå gjestehamna. Her spanderte vi på oss ein god middag
på ein uterestaurant.

 

PetterDass-monumentet på torget i Sandnessjøen.

 

 

18. juli tok vi leigebil for å
besøkje Alstadhaug Prestegård og museum. Petter Dass (1647 - 1707) var prest her frå 1689. Ingen veit kvar han er gravlagt men ein  reknar med at det er her ved Alstadhaug Kyrkje.
Petter Dass museumet er storstått
i all sin prakt. Dette er verkeleg
verd eit besøk.

 

 

Frå innsida av museuet.

 

"Sone-dotter" til diktarpresten fortel om bestefaren og tida på 1600-talet. Svært interresant. Altertavla frå den eldste delen
av Alstadhaug kyrkje.
19. juli besøkte vi Dønna i leigebil. Her er Kommunesenteret.
Dønnes gård som ligg ved den vakre Dønnes kyrkje.

 

 

Dønnes Kyrkje, også med løk-kuppel. Ein reknar med at denne kyrkja er frå år 1250 og var bygt som eit privat familie-kapell. Kyrkja har eige grav-kammer. Vi fekk sjå inn i det,
men ikkje ta bilder.
Frå koret i den eldste delen av Dønnes kyrkje. Herifrå kunne ein sjå inn i mausoleet der det stod kister av familiemedlemane som i si tid byggde kyrkja

 

Frå interiøret i Dønnes gård.

 

 

 

Dønnafjellet fjellstove (127moh)
Fjellet er ogsa kalla "Nord-vestkapp" og herifrå er det ei fantastisk utsikt mot Lovund og Trena.
Utsikt mot lundefugløya Lovund. I bakgrunnen skimtar vi Trena.

 

På Herøy gård og museum fekk vi kome inn i eit båtnaust der det stod mange nordlandsbåtar.

 

Herøy kyrkje. Vi fekk omvisning her og til og med ein tur opp i klokketårnet

 

19. juli. Nydeleg ver. Vi har gått frå Sandnessjøen til Onøya der vi fann ein fin gjestehamn.

 

 

 

 

Her på Onøy hadde vi flott utsikt sv til Lovund. Dagen etter den 18. juli tok vi hurtigbåten utover til Lovund, Trena og eit par andre øyer. Fantastisk tur.

 

 

 

Etter Onøy gjekk vi innom Selsøyvik og låg der ei natt før vi drog til Nesna. Her la vi frå oss båten og tok hurtigbåten til Bodø. Desverre så hadde vi ikkje fotoapperat før Bodø då vi fekk kjøpt ny batteriladar. Bildet er frå kaia i Bodø og vi skriv 22. juli 2011

 

 

På hurtigbåten tilbake frå Bodø fekk vi dei fyrste meldingane om det grusome som hende i regjeringskvartalet og på Utøya. Der var folk ombord som var frå Oslo så det skapte ei uhyggestemning mellom passasjerane. Vi var innom mange plassar på tilbaketuren, men alt vart overskygga av meldingane frå Oslo.

 

23. juli. Vi har starta på den lange vegen tilbake til heimehamna på Steinnes.
Vi går her forbi Brønnøysund medan gamle Lofoten ligg ved kai på sydgåande. Fint ver.
Rørvik vart 1. stogg på tilbaketuren. Det er seint på dag og vi gled oss til ein roleg kveld i den koselege gjestehamna.

 

På veg sydover frå Rørvik passerte vi Kongeskipet Norge. Eit flott syn.

 

 

Neste stogg er Kuringvågen. Denne gongen kom det inn ei flott treskute. Denne dagen regna det

 

.

Vi er komne til Brekstad på Ørlandet. Her legg vi frå oss båten og tek hurtigbåten inn til Trondheim i morgon.

 

Trondheim er ein vakker by. Ein av dei karakteristiske stadane er ved bybrua "lykkens portal" Vi var også på minnegudsteneste i Nidarosdomen for 22.juli-offera. Ei sterk og gripande stund. 28. juli tok vi ein fin sykkeltur til det store kystbatteriet som ligg nordaust for Brekstad på Lundhaugen. Dette batteriet er fullt operativt og vi fekk ein fin guida rundtur inne i det 4 etasjer store kanontårnet. Ein liten sykkeltur frå festninga fann vi borga til Fru Ingrid frå Austråt. Vi vart gjennom omvisning og forteljing tekne med tilbake til fleire hundrede års historie. Veldig interresant.
30. juli. Vi går utom Hitra og inn
det smale Dolmsundet. Her er det
veldig sterk straum. Heldigvis var
det midt mellom flo og fjøre så
passeringa gjekk greit.
Etter å passert det meste av Hitra
la vi til på ein koseleg gamal
handelsstad som heiter Kvenvær.
Her vart vi liggande eit døgn pga.
sterk vind.
På Smøla la vi til i Straumen gjestehamn. Herifrå sykla vi dei godt 11 km til Edøya, der vi besøkte eit flott galleri og den vakre Edøy kyrkje før vi sykla tilbake. Nydeleg tur. Straumen gjestehamn. Det var veldig kronglete å finne leia hit. Vi var her også på turen nordover, men då var her fullt og vi gjekk til Vihals.
 
Så er hustadvika tilbakelagt ennå ein gong og vi overnattar i gjestehamna på Bud. Vi fekk ein fantastisk kveld med vakker solnedgang over Hustadvika.

 

 

Dagen etter gjekk vi ein tur utom Bjørnsund. Vi gjekk berre ei runde innom hamna då vi hadde vore her tidligare år. Vi sette kursen uti saltsteinleia og nedgjennom Harøyfjorden mot Sunnmøre.

 

Tidleg på kveld var vi framme på Terøya. Dette er ein stad vi har besøkt kvart år fordi det er ei flott gjestehamn og så er her vakkert og roleg. Ferieturen 2011 er slutt og det er berre eit par timar så er vi heime att. Vi kan sjå tilbake på 4 fantastiske veker!!