|
Ferietur 2005 |
Ferieturen 2005 starta den 16.juli. I år hadde vi bestemt oss for å vere på heimlege trakter, dvs. i Møre og Romsdal. Dersom veret tillot det kunne det hende at vi gjekk så langt som til Kristiansund. Desverre så var ikkje Hustadvika i slikt lune at vi ville gå der. Det var for mykje nordavind og det hadde vorte timar med hard dasking i motsjø. Det vart difor ikkje lenger enn til Bjørnsund i år. Vi hadde 14 kjempefine dagar med sol, regn og kald vind, men det gjorde ikkje noko. Vi kosa oss likevel i vår "vesle" kjempefine Saga 27. Under er ei bildekavalkade frå dei stadane vi besøkte. God tur. |