Eg visste, etter det far fortalde meg, at bestefar Albert Andersson Steinnes var levande interessert i båtar og sjøen. Han eigde og var medeigar i 3 båtar. Det meste av livet var han på fangst og fiske og han hadde ein liten verkstad i kjellaren for dreiing og snekkring. Vi som er etter han har stort sett dei same interessene. Arven kan ingen kvitte seg med, og for oss etterkomarane har det vore ein god arv å ha med seg. Fred over bestafar sitt gode minne.

BESTEFAR  ALBERT  SINE BÅTAR
MO "Fangstmann" M-4-Ø

MK "Egil" M-20-Ø
MK "Axel" M-3-Ø (trueleg medeigar i)

Opplysningane er samla med god hjelp av Gunnar Ellingsen frå Ørsta

________________________________________________________

_____________________________________________________________________________
Vårsildfiske ved Haugesund i 1923.
Ved rorhusdøra: Sivert R. Steinnes, Frå venstre: Anders R. Steinnes, 
Ingvald R. Steinnes (kokk), Albert A. Steinnes, Johannes S. Steinnes, 
Nikolai P. Steinnes og Jakob R. Raudøy.
Egil, på tur i Geiranger etter at den er ombygd
Egil på fiske etter ombygging

 

 



 

 

 

 

 




 

 

 

 

 

 

 


 "FANGSTMANN"

"Fangstmann," med reg nr. M-4-Ø var bygd i 1870 og ved  registreringa første gong i 1920 fortel fortegnelsen dette om båten:  Den var: 22 for lang, 6 fot brei og 3,5 fot djup.Hadde ein  Tenfjord motor på 3 hk
Fangstmann står i Fiskeridirektøren sine registreringar t.o.m. det ordinære merkeregisteret i 1943, men i det andre tilleggsregisteret dette året stod det at båten var utrangert. 
_____________________________________________________________________________

"EGIL" (tyder "tukt" og "sverdegg")

Rundt året 1923 kjøpte Steinnes-karane inkludert Jakob S. Raudøy fiskebåten ”Egil” av Johan
     O. Eiken m.fl. busett i Eiksund. Båten hadde ein DAN motor på 24 hk. Dette er dei
      pantobligasjonane eg kan finne på desse karane i dette tidsrommet:
Kjelde: Anders Albertson
       Steinnes. 

1.      Albert Andersson Steinnes tok opp eit lån på 4000.- kroner ved Volda og Ørsta Sparebank den 27. desember 1923, med lovnad om å betale det tilbake på seks månader. Omrekna kroneverdi tilsvarte dette over 200.000 kr i dag.

2.      Jakob Sivertson Raudøy tok opp eit lån på 5000.- kroner ved Volda og Ørsta Sparebank den 27. desember 1923, med lovnad om å betale det tilbake på seks månader.

3.      Rasmus Andersson Steinnes (far til Sivert, 25 år og utan eigedom) tok opp eit lån på 7000.- kroner ved Norges Kreditforening for Land- og Skogbruk den 28. juni 1923.

4.      Elias Sjurson Bjørneset frå Volda tok opp eit lån på 1500.- kroner ved Volda og Ørsta Sparebank den 13. mars 1923, med lovnad om å betale tilbake på seks månader. I lånet til både Albert og Jakob er det vist til dette lånet.

Det er fortsett uvisst om desse låna gjekk til innkjøp av fiskebåten ”Egil”, men truleg stemmer det. Teksta til fotografiet av ”Egil” som stod i MøreNytt laurdag 3. januar 1998 fortel at ”Egil” var på fiske utanfor Haugesund i 1923. Då hadde dei nettopp kjøpt båten, og den var enno ikkje omregistrert. Sjå bilde oppe til ve.

      I "Fortegnelse over Merkepliktige Norske Fiskefarkoster av 1936" har eg henta desse opplysningane om Egil:

      Registrert som: M 20 Ø
Materiale: Tre
Byggeår:  1911
Lengde:   41 fot
Bredde:   13 fot
Djupte:    7 fot
Motor:    DAN
Kraft:      24 hk
Eigar:      Sivert R Stennes m. fl Ørstavik

Det var eit stort sprang å ta for karane då dei kjøpte Egil. Denne båten var mykje større og dei kunne drage langveis etter fiske og fangst. Likevel synte det seg etter kvart at båten vart for liten. Steinneskarane var ikkje skvetne av seg. Dei fekk båten på land og den vart kappa i to og lenga til over 50 fot. Ny og sterkare motor vart sett inn og styrehuset vart påbygd.
__________________________________________________________________________

     "AXEL"  "TORA"
Bestefar eigde også trueleg ein part i båten "Axel", ein 31 fots båt, med ei 7 hk.Voldamotor Syskenbarnet, Sivert Steinnes var skipper på denne båten. Kilde: Nikolai Steinnes og Anders Albertson Steinnes
Den vart seld vidare til: Haram, Sør.Aukra, Tustna, Kristiansund og til sist til Lurøy i Nordland. Siste eigar heitte Jonas Antonsen og då hadde båten namnet "Tora."  Kilde: Gunnar Ellingsen

Eg har vore i kontakt med Lurøy kommune for, om mogleg å finne fatt i Antonsen eller etterkomarane hans for å få vite meir om Tora og om mogleg få fatt i bilder av båten. Venter på svar...

ER det nokon av lesarane som veit noko om denne eller dei andre båtane, så er eg svært takksam for å høyre frå deg. 

Etter kvart som eg grev i fortida vil det kome meir...

Kontakt meg gjerne på: albert.steinnes@gmail.com