Dieseldyr og anna dritt i drivstofftankane.

Du har nettopp sjekka vassavskiljaren på dieseltilførselen. Det kom nokre dråpar vatn, ingenting å bry seg om. For sikkerheits skuld skrur du ned botnen og finn at det i oppsamlingskoppen er noko gråsvart skit som du renser bort. Alt i orden!  Dagen etter skal du på sjøen, været er passe rufsete men ikkje noko å bry seg om. Skal berre på ein fisketur i kjent farvatn. Det bles opp og bølgjene byrjar å bli store. Båten rullar og og kastar på seg. På tide å kome seg heim. Brått går turtallet på maskina ned, du misser krafta. Kva er galt? Har noko kome i propellen?  No er gode råd dyre, skal tru om maskina stoggar. Med redusert fart og stadig mindre kraft i maskina kjem du endeleg i hamn og kan puste letta ut.  

Omtrent slik artar det seg når dieseltankane er infisert av dieseldyr. Bakteriane dannar grå eller svarte slimaktige samansetjingar som tettar effektivt filter, og i siste instans gjer at maskina stoggar. I eit gram kan det påvisast millionar mikroorganismer eller dieseldyr. Det gråsvarte belegget du såg i vassavskiljaren var nok døde dieseldyr som hadde klumpa seg saman. Ein slik klump i seg sjølv kan stogge effektivt drivstofftilførselen dersom han kjem inn i røret. Dersom denne forurensinga får vere i tankane, vil den i siste innstans kunne skade tanken, dieselpumpa og dysene. Men det aller verste som kan skje er at du er langt til havs og dette skjer. Då kan det gå skikkeleg galt!! 
Då eg kjøpte min båt i 2003 fekk eg beskjed om at dieseltankane var gjort reine. Allereide ein mnd. seinare heldt motoren på å stogge ein sein ettermiddag i november, nord om Sandsøya i grapsever. Etter 2 filterskift kom eg meg heimatt seint på kvelden i bekmørkna. Tankane var fulle i dieseldyr. 

Etter ein frisk tur i sydaust kuling med mykje rulling den 17. jan.2009, fekk eg føling med dieseldyra på nytt. Desverre så kan ein aldri gardere seg for å få forurensa diesel frå dei forskjellige dieselpumpene langs kysten. Særleg tankar som står i det fri på land kan nok desverre innehalde både vatn og andre uhumskheiter. men dette er nok prisen vi må betale for å nyte fridomen i båt.

Her er det berre ein ting å gjere. Foreta ny fullstendig reingjering av dieseltankane. Dieselen må pumpast ut, tankane må gjerast reine og vaskast og nytt drivstoff fyllast på. Eg veit om berre eit middel som er effektivt nok til å ta knekken på forurensinga og det er Bio-Protekt 2. Dette stoffet bør doserast i tankane med ein startdose på 1 : 2000 og deretter ein vedlikehaldsdose på 1 - 5000. Dette vil koste omlag 10 øre pr. liter, men det er vel verd det. 
Les meir om dette på Maritim Consultants AS sine sider. Sjekk også Frode Steinnes si heimeside om reingjering av tankar. 

Nermaste forhandlar på Sunnmøre er: Båthuset, Moa Vest, 6018 Ålesund, telf. 70147711 epost: post@baathuset.no

Lykke til!

Tilkoblingsflens for styrbord tank. Dieselmålar, stigerør og returrør Styrbord tank Babord tank