BILDER FRÅ STEINES

Eg er som du sikkert skjønar, veldig stolt av Ytre Steinnes, - heimplassen min. Garden eg bur på heiter frå gamalt av "Plassen". Her har budd folk svært lenge tilbake. Garden er frå gamalt ein husmannsplass underlagt storbruket på Indre Steinnes. Plassen består av 64 mål inn-og utmark og ca. 300 m med strandlinje. Ved det eldgamlet naustet, byggt i stein, har eg laga meg båthamn. Den stod ferdig 1. gongen i 1989 etter at ein storstorm i jula 1988 herja kysten vår. I 1992 herja storstormen på nytt og øydelagde mykje av garden og båthamna. Alt vart reparert og bygt oppatt same året. Bilda nedanfor viser litt av denne flotte perla ytterst i Ørstafjorden. Bilda er tekne med Canon PowerShot G3 og Pro 1

Bildet er teke ein septemberdag i 2006. Hytta ved sjøen tilhøyrer Jofrid Hovden. Båthamna, bygt rundt det gamle naustet. Huset oppe til høgre tilhøyrer Hans Førde. Huset var byggt i 1952 av min mor og far og eg budde der frå eg var 7 år. Tunet sett mot Nordaust med den gamle vegen som sniker seg forbi hushjørnet.
Tunet mot Sydvest. Låven vart på det meste ny etter orkanen i 1992. Foran står og båten "Albertine" før sjøsetting i 2004. Kona mi, Elin har grøne fingre og har stelt til ein nydeleg hage rundt huset. Mot Nordaust har vi fin utsikt over indre Raudøya og Liadal med fabrikken Sandvik møbler i strandlina.
Kveldssol med utsikt frå verandaen mot Eika og Eiksund. Dette er i vestleg retning for Steinnes Fantastisk blomstring i solveggen på sydsida av huset. Dette bildet er frå 18.08.06 Frukta på dette treet er av eit epletre der det er poda inn 3 forskjellige sortar eple. Dette er det fyrste.
Fleire bilder kjem.....