Båttur den 19. - 21. august 2005

Fredag den 19. august tok vi ein tur til ytre Sunnmøre.  Vi gjekk frå Steinnes ved 17-tida til Hareid der vi la oss til for natta. Hareid har ei fin gjestebrygge innerst i den store båthamna, rett nedanfor sentrum.  Det regna og var hustrig, men vi hadde det godt og varmt i båten.  På laurdag var det noko lettare og vi kursa utom hareidlandet mot Fosnavågen.  Kom dit ved 14-tida og fann oss ein fin plass på den nye flotte gjestebrygga.  Fiskeværet Fosnavåg har gjennomgått ei betydeleg ansiktsløftning dei siste åra. Dei fleste butikkane er samla nede ved kaiene og her finn du alt du treng.  På søndagen våkna vi til nydeleg ver og vi gjekk inn gjennom straumane forbi Eggesbønestet og inn til Herøy gård.  Vidare gjekk turen gjennom Herøybrua, Røyra, Kjellsundet og inn til sydspissen av Eikeøya der vi traff  gode vener som vi åt middag saman med, i eit nydeleg solskin.  Kl. 18.00 var vi heime etter ein flott weekend.  Utgått distanse: 43 Nm.

Sagaen ligg ved den fine gjestebrygga i Fosnavågen Dette må vel vere det ein kallar "Aker brygge" i Fosnavåg Den gamle fiskerihamna i Fosnavåg
Elin slikkar sol, når den endeleg kom. Flusundet Flott begyggelse langs med leia.
I forgrunnen ser du brua som bind saman Leinøya og Bergsøya Litt av eit hus, og den båten då!! Ved Herøy gård er det kjente herøyspelet kvart år i byrjinga av juli.