Yamaha Virago mod 1998

I vinter begynte tanken å modne seg fram mot å kjøpe motorsykkel. Min bror kjøpte sommaren 2012 og det er klart at dette gjorde nok sitt til at eg og hadde lyst på ein. Yamaha Virago er ein kjent og flott sykkel produsert av Yamaha.  Den er kjøpt i Hardanger. Broderen og eg hadde ein flott tur for å hente den. Denne er 125 cc. Ikkje dei heilt store kubikka, men meir enn nok for meg til å kome seg frå A til B. Etter å ha prøvekøyrt den nokre mil var det tid for å sette seg nermare inn i den tekniske sida av sykkelen. Då er det berre ein ting å gjere, å skrue den frå kvarandre.... 01.07.2013. Etter 144 mil på sykkelen er eg meir enn nøgd med dette kjøpet.
Sykkelen er vel plassert i varevogna og det er berre å sette kursen heim. Vel heime og etter nokre prøveturar er det tid for vårpuss. Her er bakhjulet fjerna. Saler og cissybar er montert bort. Yamaha har gjort dette veldig enkelt. Kun 5 skruar skal løysast. Koblingane mellom ramme og skjerm avmonterast. Dette er enkelt med farga kablar.
Eit stadig tilbakevendande problem siste tida har vore at blinklyset på ve. side bak har fjuska. Her er feilen. For mykje kabel har ført til at den tok borti bakhjulet. Skaden er utbetra og det er lagt ny krympestrømpe over skøytane. No skal dette fungere prikkfritt. Innerskjermen vart vaska og påført 3 strøk med rusthindrande stoff og tektyl. Rundt kjedehjulet på motoren dannar det seg ofte mykje skitt og sand. Det er viktig at her blir gjort godt reint minst eit par gongar i året. Kjeda skal vaskast og turkast rein. Set den deretter inn med eit godt kjedefeitt. Her er mange forskjellige typer men eg brukar Castrol sin Motorcycle Chail Care. Tørk av overflødig fett med ein rein klut.
Kjeda skal strammast med mellom 2 - 4 cm slakke. Legg ein rett linial over tannhjula og stram kjeda etter den. Skal sykkelen køyrast med tung last bør kjeda vere slakk. Tankkapasiteten er på 9,5 l og gjev rom for å køyre bortimot 30 mil. Styret er utforma slik at du kviler når du køyrer. Etter å har sjekka/skifta olje, tennpluggar og luftfilter, så er sykkelen klar til ny sesong med masse flotte turar, på vegar der ein kanskje sjeldan reiser med bil. Gled meg!! Trykk på bilde over og du kan laste ned ein Virago delekatalog på Engelsk. katalogen har 66 sider og er frå 1997. Beklager, men lenkja virkar ikkje lenger.:(