Orkanen 1. januar 1992

Tilbake

"Den 1. januar 1992 var dagen då det mest utruelege skjedde.  Dagen er historisk.  Ein heil landsdel vart heimsøkt av den verste orkanen som nokon gong har herja landet, så langt ein veit av.  Aldri har ei naturkatastrofe gjort større materiell skade.  Gardar og grender vart raserte.  Landskapet skifta andlet, og i ruinhaugane låg offera att.  Kva hende?  Korleis opplevde menneska det som skjedde? Og korleis møter samfunnet ei krise som denne?"  Så langt Oddgeir Bruaset i sitt forord til boka Orkanen som kom ut i juni 1992.

I dag 14 år seinare er det ikkje så vanskeleg å setje seg inn i kva dei har opplevd alle dei tusener av menneska som i løpet av nokre sekunder mista alt dei eigde, både av familie, vener, heim og samfunn.  Sjølv om det vi opplevde denne nyttårsnatta ikkje på nokon måte kan måle seg med det som hende 2. juledag 2004 i Sør Asia, så var det likevel mange av oss som kjenner att fortvilinga og smerten.

Vi var mellom dei som vart offer for orkanen.  Skadene var på ingen måte slik mange opplevde dei, men dei gjorde sterkt inntrykk likevel då både løa, huset, garasjen, vedhuset, naustet og hamna vart mykje skada.  Etter god hjelp frå ei trufast familie, slekt og vener som stilte opp, var dei fleste såra lekte utpå sommaren 1992. Likevel sette ikkje orkanen spor berre i naturen, men også i mangt eit menneskesinn.  Personleg var eg på vakt kvar gong det var meldt uver i mange år etterpå.  Under er ein liten bildedokumentasjon av det som skjedde.  Filmbitar frå orkanen teke av NRK kan du sjå her.

Over 40 taksteiner forsvant.
(foto Svein Bratteberg)
Av låven var det stort sett berre bindingsverket att.
(foto Svein Bratteberg)

Deler av låvetaket skada vedskjulet.  Båten i bakgrunnen var uskadd.
(foto Svein Bratteberg)

Resten av låvetaket og veggane bles utover marka og til skogs.
(foto Svein Bratteberg)

Med god hjelp av sønene mine var låven restaurert til sommaren
foto: Albert Steinnes

Hausten 1991 sette eg snekka på låven for at den skulle stå trygt.  Den var heilt uskadd. (foto: Albert Steinnes)

Båthamna vart totalt rasert.  foto: Albert Steinnes

Våren 1993 var den bygd oppatt og då høgre og sterkare.
foto: Albert Steinnes

Det er ikkje triveleg å vere på Steinnes når det bles orkan frå vest/sydvest. Husa ristar og skjelv og av og til må eit tre gi tapt 
for dei enorme kreftene. Vi har hatt orkan også seinare, men ingen med slik styrke som nyttårsorkanen i 1992. 
Foto: Albert Steinnes



Foto: Albert Steinnes

Tilbake