ELINS HAGE

Elin har "grøne hender" og no når våren kjem blir det mykje å gjere rundt huset.  Ho er heilt unik til å få det til å spire og gro.  Ho brukar stort sett all fritid til å stelle og stulle i hagen, noko som ettertrykkeleg syner att rundt husa våre.  Det er berre dei aller tyngste taka ho har fått hjelp til, dette er hennar hobby og ho vil gjere det sjølv.