Saga 27  - "tidenes norske båt" med ny motor innsett nov. 2007
Denne båten har fått ny eigar på Vestnes.


Eg har i mange år drøymt om å få kjøpe meg ein Saga 27.  I oktober 2003 vart denne draumen til virkelegheit.  På http://finn.no dukka den opp ein dag og det vart ein rask handel.  Båten har etter det eg veit i dag, hatt 2 eigarar før meg. Det er ein 1986 modell med ein Yanmar 55 hk turbodiesel, også frå 1986.  Motoren var gått 1800 timar då eg kjøpte den, og selgar forsikra meg om at motoren var i god stand.  Det er klart at når ein ny båt kjem i hamna så er ein nyfiken etter å prøve.  Dei aller fleste hadde vel teke på land så seint på hausten, men eg måtte ha den i hamna slik at eg fekk bruke den.  Sidan i oktober 2003 har eg gått 500 timar med den.  Eg har vore ute i storm og stille så eg har fått prøvd kva den er god for.  Eg er svært nøgd med det aller meste, men enkelte ting kunne eg tenkt meg litt annarleis, men det rettar eg på undervegs.

Båten er utstyrt med silva kompass, ekkolodd, Garmin GPS map 76S og kartplottar. Den har tenfjord styremaskin og dieselvarmar, kjølevassvarmar, elektrisk vasstoalett, kjøleskap, 140 l ferskvasstank og 360 l bunkers fordelt på 2 tankar.  Den har ca 200 kg ballast i kjølen fordelt rundt i båten.

Bladet "Båtliv" oppmoda i år (2005) sine lesarar til å vere med på å kåre "tidenes norske båt"  Då røystinga vart avslutta, viste det seg at det var trufaste Saga 27 som stod det norske båtfolket sitt hjarte nærast. Vinnaren vart presentert under ""  Den aller første Saga 27 ble utstilt på Sjøen for alle-messen i 1969. Den gang kostet den 48.000 kroner. Til nå er det produsert over 5000 av denne båten, og prisen for en splitter ny Saga 27 ligger i dag på 646.000 kroner og oppover.  

Ny motor!
I oktober 2007 bestemte eg meg for å investere i heilt ny motor i Sagaen. Stadige problem med blå røyk (I dag har eg endeleg fått vite at det mest sansynleg skuldast for mykje diesel på tomgang) gjorde sitt til at eg bestemte meg for å skifte til ny maskin. Eg fekk eit akseptabelt tilbod hos Remvik&Sandal i Ålesund og den 21. november leverte eg båten til verkstaden. Det vart innsett ein Yanmar 72 hk 2007 mod med 16 ventilar. 

06.12.07 Eg henta båten i dag. Den gjer i underkant av 14 mil på 3100 omdr. Marsjfart er 10 mil.  Eg er svært nøgd med det arbeidet dei har gjort hos Remvik&Standal. Alle avtalar som var inngått har halde seg oppatt. God servise av hyggelge personar. Kan anbefalast!!

Under kan du sjå litt av jobben med å sette inn ny motor. Den gamle er solgt. 

 

1. service etter 40 timar. 19.02.08
Ein ny motor skal ha service etter ei gangtid på mellom 25 - 50 timar. Då blir det skifta olje, oljefilter, gearolje og sjekking av kjølevatn. Vidare vert flensboltane tekne ut for å sjekke innrettinga mellom gear og propellaksel og alle skruar og slangar vert gjennomgått. Servicen tok 3 timar. Det som er minst like viktig er sjekking og vedlikehald før og etter at motoren er brukt. Eg har laga meg ei sjekkliste som eg fyller ut før eg startar motoren og etter at den er stogga. Ved å følgje denne lista er eg sikker på at eg ikkje overser noko. Sjekklista er du velkomen til å bruke. Ved å endre overskrifta passar den til alle motorar.
På veg mot Kolvika til Remvik & Standal sin marina Fortøyd og klar til service. Her blir den gamle oljen sugd opp og ny påfyllt.

Ny motor, desember 2007

Type: Yanmar 4JH4-TE  ZF30M

Mod. 2007, 72 HP v/ 3200 omdr

Motoren er på 72 HK v/ 3200 omdr. Tekniske spesifikasjoner finn du her Motoren er komen på plass.  Motorboltane blir trekt til. 
Meir motor Remvik & Standal sin verkstad i Kolvika som utførte arbeidet Nytt sjøvassinntak, ny flens og ny pakkboks.
Nyemotoren etter å ha gått 7 timar. Alt fungerer perfekt. Tomgangsturtall er 800 omdr. Det gir ei fart på båten på 3,8 NM.På full fart . 3100 omdr. går båten litt i underkant av 14 NM. Dette er flott for ei snekke som Sagaen er.  . Motoren skal gå 50 timar før 1. service Turbodelen Gearkassa er saltvasskjølt.
Som navigasjon og hjelpeutstyr har eg: Raymarine A65 kartplottar m. digitalt ekkolodd. Eagle analogt ekkolodd for grunnare farvatn. Instrumentpanelet har vidare: Oljetrykksmålar, temperaturmålar, dieseltankmålar, ferskvatnmålar, voltmeter, inne-og utetermometer, alarm for vatn i dieselen, alarm for sjøvatn i maskinromet og brytarpanel for alle lys,vifter,pumper og varmeapparat. Sjølvsagt er det  også eit Silva kompass ombord.
Servicdetaljer på "gamlemotoren" Juni 2006 Lekkje til Yanmar 4JH-TE 1986 MOD
Delane til varmevekslaren. Denne består av hus,register og endestykker m/tetningsring Innvendig i vekslarhuset. Her skal det vere heilt reint.  Registeret kan lett bli tett etter lang tid av saltkrystaller frå sjøvatnet. Ein tynn børste kan brukast til å rense pipene. Her var det ikkje mykje galt.
Tekniske data på motoren, avfotografert frå varmevekslaren Oljekjølaren består også av ein innvendig og utvendig del der kjølevatnet sirkulerer rundt eit spiralregister som oljen går i. Denne må også sjekkast og gjerast rein  Oljekjølar reingjort og lakka, klar for montering.
På hø.festelippe til dieselpumpa sit tennmerket for høg og lav tenning. Dette må stemme overins med det som er innstilt frå fabrikken.  På svinghjulskåpa er det eit hol slik at ein kan sjå tenningsmerket på 1. cylinder når stempelet er på topp. Ventilseta er utskiftbare, men dei ser unekteleg fline ut etter 20 års drift. Her er det kun polering med fin slipepasta som trengs. Då eg skifta nye ventilar vart desse innslipte for å passe godt til ventilseta.
Topploket er nettopp teke av og det er ikkje mykje sot etter 20 år. Her var det berre å slipe lett med fint slipepapir. Cylinderveggane er fine, uten riper og eg kunne ikkje kjenne nokon form for slitekant. Det var berre eit tynt belegg med sot øverst oppe. Det vart skifta nye tetningsringar på alle ventilane. 
Det er veldig viktig at fjørene og ventilane kjem på plass i rett ventilsete dersom ein ikkje skiftar nye ventilar slik eg har gjort. Fjørene må likevel på rett plass. Innsliping av ventilar. Dette var før eg bestemte meg for å skifte til nye ventilar. Ventilane kosta kr. 169,- pr. stk.+ mva. Grunnen til at eg skifta var at enkelte av exhaustventilane var delvis brente, noko eg såg ved grundig undersøkelse Toppen ferdig og grunna til lakkering.
Klart for å ta av dieselpumpa for innlevering til dieselpumpespesialist. Denne reparasjonen vart utført då maskina var gått 2818 timar. Toppen er ferdigmontert med nye ventilar og ventiltetningsringar. Innsugningsmanifoldet er gjort reint og alle deler er lakka og klar for montering.
urbo før reingjering og rensing av skovlar Funksjonsbeskrivelse av turbosystemet. Snittbeskrivelse av turbosystemet

 

Skovlane på innsugningssida etter reingjering Exhaustsida på turboen.  Ferdig montert på topplokket.
Ferdig montert og klar til prøvekøyring. 
Reparasjonen kosta ca. 6000 kroner

Tekniske detaljer på gamlemotoren og  i båten.

 

 Maskina er ein Yanmar 4JH-TE turbolada diesel med byggeår 1986.  Den har no gått 3100 timar og fungerer godt, botsett frå at den ryk ein del når den startar på kald motor.

Maskinromet på Saga 27 kunne nok vore ein del større. Det er nokså kompakt, alt etter maskinstørrelsen  

Sjølvstartaren på Yanmar er bortimot usliteleg. Ved inspeksjon etter 3100 timar er det faktisk ikkje synleg slitasje. Det er viktig med regelessig ettersyn og smørjing av bendixdrev og aksel. 

 

 

 

Dynamoen er ny, men den og vil halde i mange år dersom den blir stelt etter foreskrifta.  Det er umåteleg viktig at ikkje tenningsnøkkelen blir slått av før maskina er stogga.

Ventilinspeksjon.  Det er ikkje mykje sotavleiringar her.  Viktig med filterskift, oljeskift - og rett olje kvar 100 gangtime. Då vil motoren gå uavbrote i fleire tusen timar til.

Motorromsluftinga kjem opp på styrbord side. På babord side er det utluftingsvifte med ein kapasitet på 2,8 m3 pr. min.  Det er svært viktig med rikeleg luft i motorromet for å få ei skikkeleg forbrenning.

Saltvassinntak på styrbord side akter med propellakselen.  Det er tilkobla sjøvassfilter for å hindre slam i vekslaren.

Turboen fungerer godt.  Har vaska den med oppvaskmiddel og reint vatn medan maskina gjekk på eit lett turtall,  Dette er ei fin metode å halde den rein på.

Ferskvasspumpa står på skottet innmot toalettet. Den har rileleg kapasitet men ein bør påsjå at den er tømt når båten ikkje er i bruk om vinteren.

Ferskvasstanken er på 140 l og ligg under dørken framme i salongen. At den ligg så djupt gjer at vatnet ikkje frys om vinteren når båten ligg på sjøen.  Den bør rensast med jamne mellomrom.

Toalettet har elektrisk pumpe som sender avfallet til ein septiktank på babord side under skuffeseksjonen. Derifrå blir det pumpa manuellt i sjøen når båten er i rom sjø.

Styrekult og naudstyring er å finne under benken heilt akter.  Det er Tenfjord styremaskin i båten. Det er viktig at rorkulten vert smurd ein gong i blant gjennom greasekoppen på rorhylsa.

Hovudbrytarane er plassert under fremre dørkluke i kabinen. Desse må aldri slåast av når maskina er i gang for då ryk dynamoen.

Ute i styrbord side ved styreposisjonen er dieselvarmaren plassert. Den fungerer heilt topp og er termostatstyrt.  Den gir varme til heile båten.

 

Diverse bilder av Sagaen frå eg henta den i oktober 2003

Bilda over er tekne i oktober 2003 før båten er klar til ein vinter på sjøen.

I hamna på Steinnes ein kald oktoberdag i 2003

I hamna på Steinnes 25.03.05

 

 

  

Til toppen av sida