Revungen i Steinnesstranda.
"Tunellreven Svartfot"


Den 13. juli 2004, kl. 07.30 om morgonen opplevde eg noko utrueleg.  Eg møtte ein stor revunge i Steinnesstranda.  Dette skjedde nokre dagar tidligare også, men då hadde eg desverre ikkje fotoapparatet med meg.  Denne gongen, derimot så var det med, og eg skunda meg å få det fram.  Då eg skulle ta bilder så var imidletid minnekortet fullt så eg måtte til å slette.  Revungen kunne ikkje vente på meg så den tassa etter vegen bak meg.  Vel ferdig med slettinga sette eg bilen i revers og rygga etter den.  Den stakk til skogs då eg stogga.  Eg plystra på den og den kom tilbake.  Den kom heilt inntil meg som du vil sjå av bilda nedanfor.  Eg rette ut handa og den snusa på meg.  Dette måtte eg ha bilde av.  Eg retta fram handa på nytt og så den stakk snuten bort til fingrane, glefste den til.  Eg skvatt skikkeleg.  Eg fekk eit rift i eine fingeren og då eg hadde fått teke bilda var det berre å køyre til legesenteret for ei stivkrampesprøyte.......   Ein flott naturoppleving som var verdt det eg måtte betale hos legen.

Siste:
Denne revungen har arbeidarane på verdas djupaste undersjøiske tunell, som går inn i fjellet i Steinnesstranda,  adoptert og kalla Svartfot.  Dei matar den og har den som maskott.
Aller siste. Deverre så ser det ut som ein eller annan ikkje klarte å halde seg frå avtrekkaren på børsa.  Reven er desverre død. Det er verkeleg synd at ikkje slike villdyr skal få leve opp.

Foto: Albert Steinnes - copyright