I båthamna på Steinnes

Ved sjøen har eg privat båthamn. her er plass til 2 båtar. Hamna gir god livd mot sydvesten som tek svært hardt, særleg om vinteren. 
Hamna vart rasert av orkanen i 1992, men bygd oppatt året etter. 2. Juledag 2011 fekk vi ein ny orkan. Denne sletta utsida av hamna
totalt, men innsida heldt. Statens Naturskadefond takserte skaden  og hamna blir der byggt oppatt i mars 2013 på det lågvatnet som er då.
Båtane som låg der fekk inga skade.

                                                                                                                                     

Lekkje til ny side når du trykker på bildet.  
SELD  2005 

Triosnekka kjøpte eg av min yngste son                                                   
SELD  2002

   

                                                         

                                                                                                           

Solid Bjørkedalsbåt på 16 fot. 
SELD 2004

Lekkje til ny side når du trykker på bildet.
LAGT UT FOR SALG


         Den  gamle gode trebåten min har eg hatt mange fine opplevingar med.  Den var på 18 fot og hadde ein 9.9 hk. Evenrude
         påhengsmotor.  Denne vart solgt.   Sagaen kjøpte eg i 2003.  Det er ein 1986 mod. Denne har eg fortsatt.




Denne flotte Bjørkedalsbåten kjøpte eg den 17. mars 2006.
SELT 2010

Saga 29, MB Elin. kjøpte vi i januar 2011 og den var då heimehøyrande i Masfjorden. Den 24. januar reiste eg og vår eldste son Anders og henta den. Vi reiste frå masfjorden kl. 15.15 og innan vi var komne til Gulen mørkna vi ute. Vi gjekk resten av turen i stummande mørke og var på Kvamsøya kl. 23.30. Det var ein spanande tur med ny båt men alt gjekk fint ikkje minst takka vere Anders som var dyktig kartlesar og navigatør. Sidan dette har vi gått Norskekysten frå Bømlo i Hordaland til Rødøy i Nordland og har tuilbakelagt fleire tusen nautiske mil. Båten er berre fantastisk.
 

Tilbake