På fisketur med NRK P3

Den 26. april 2006 hadde eg med meg 3 kjekke ungdomar på fisketur til Eiksund.  Det var Ludvig Løkholm Levin, Filip Eidsvåg og Ellen Havåg Bjørlo.  Ludvig var i Volda for å dekke Norsk dokumentar-filmfestival for NRK P3 og hadde fått i oppdrag å lage ein reportasje om ein fisketur på Sunnmøre. Via kjente tok dei kontakt med meg og eg ville meir enn gjerne syne dei vårt fantastiske distrikt.  Ellen, busett i Innvik, men med mor frå Havåg i Eiksund var mest på heimlege trakter så kva var meir naturleg enn å legge turen dit.  Då vatnet ennå er kaldt og torsken ikkje har trekt fram på grunnene for å beite, var eg spent på om vi fekk fisk, men det vart god fangst noko bilda under syner.  Vi hadde ein kjempeflott tur og veret var så absolutt på vår side sjølv om meldingane sa noko heilt anna.

Ludvig er i spent forventning, skal tru om det blir fiskebitt? Her er det fast fisk  Filip som er frå Tynset har brukt ei fiskestang før Ellen har teke over mikrofonen og vil vite kva Filip føler no.
Filip har fiskelykke, det vart ein skikkeleg rugg og den baska kraftig før den fekk eit velretta hogg med kleppen Ludvig har det rette handelaget når fisken skal sprettast. I båthamna på Steinnes etter ein flott fisketur.

Litt av dagens fangst, til saman ca 10 kg. taretorsk teken i Eiksund